Tenesteomtale
Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til. Du kan søkje om å få barnet ditt inn ved ein annan skule. Det er opp til kommunen å avgjere dette. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt.
Målgruppe
Føresette med born i skulepliktig alder
Kriterium/vilkår
Kva skule eleven høyrer til, avgjer kommunen etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til om for eksempel sysken er plasserte på den same skulen, kapasiteten på skulen og om skulevegen er farleg.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa