For søk i Seljord kommunes postliste: klikk her 

Postjournalen som blir publisert på internett inneheld opplysningar om alle inn- og utgåande brev og intern N-notat i arkivdelane sakarkiv, planarkiv og gards- og bruksnummer arkiv i alle einingane i Seljord kommune. Postjournalen på Internett inneheld ikkje opplysningar frå elev-, barnehage- og personalarkiv, men den kan sendas på bestilling. 

I publikumsmodulen kan du bestille innsyn i dokument. Pga. kvalitetssikring blir opplysingar lagt ut 2 dagar etter journalføring og er tilgjengeleg i 90 dagar. Årsaka til at Seljord kommune har avgrensa publisering til 90 dagar, er av omsyn til personvernet.

Ta kontakt med kommunen om du ynskjer innsyn i eldre postlister enn 90 dagar. Send e-post

Pasient- og klientsaker blir ført i eigne fagsystem, og postlister frå desse systema blir ikkje publisert på Internet. Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Eventuelle spørsmål om innsyn i slike saker må rettast direkte til aktuell eining. 

Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Eit innsynskrav kan vere skriftleg eller munnleg jf .offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.

Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32. Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.

Postlister til interkommunale foretak

 

Informasjon om interkommunale foretak