Kva er ein reguleringsplan? 
Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis området kan brukast og kva som kan byggast der. Planen består av av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du fyrst undersøke kva for reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen.
To typer reguleringsplanar:
Det finst to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering. Områderegulering lagast av kommunen og styrer utviklinga i eit større område, til dømes Seljord sentrum. Detaljreguleringar er planar for mindre område til dømes bustadfelt, hyttefelt eller vegstrekning. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar og andre initiativtakerar kan koma med forslag til ei detaljregulering, men det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget. Kommunestyret vedtek reguleringsplanane.

Slik finn du reguleringsplan og føresegner:
Webplan
Veit du namnet på planen eller planid (plannummer) finn du reguleringsplanar med føresegner i det digitale planregisteret (Webplan). 

Webkart
I Webkartet kan du søkje opp planar med hjelp av adresse, gnr/bnr eller zoome i kartet.

  • Klikk på kommunevåpenet og huk av for reguleringsplan i lista som kjem opp i høgre side på skjermen.
  • Finn området du er ute etter ved å skrive inn adresse eller gnr/bnr i søkefeltet, eventuelt zoom i kartet, og trykk i kartet på eigedomen. 
  • Til høgre på skjermen kjem det opp ein boks med "Kartlagsinfo for valgt punkt", klikk på reguleringsplan.
  • Klikk på reguleringplan, då kjem det opp informasjon om den reguleringsplanen du har valt.
  • Nederst i informasjonsboksen veljer du WebPlan-WebHotel slik at du kjem inn i planregisteret.  

Ver merksam på at kartet (pdf-dokumentet) i planregisteret ikkje alltid er oppdatert etter endringar. Plankartet du ser i Webkart er oppdatert.