Flyktningetenesta

Hovudansvar for introduksjonsprogrammet:
Flyktningetenesta har ansvaret for introduksjonsprogrammet, eit kommunalt tilbod regulert av introduksjonslova. Eit vilkår for å ha rett til introduksjonsprogram, er behovet for grunnleggande kvalifisering. Kommunen vurderer om personen er i målgruppa for ordninga og fattar eit vedtak om tildeling av program (eller avslag). 
Deltakaren får introduksjonsstønad medan dei er i programmet (2G). 

Programmet varer som regel i to år, eventuelt kortare dersom personen ikkje lengre har behov for å delta i programmet. Programtida kan og bli forlenga inntil tre år ved behov. 
Deltakaren skal stort sett fylgje dei same reglane om fråvær som i arbeidslivet elles. Ugyldig fråvær gir trekk i introduksjonsstønad.

Hovuddelen av programmet skal bestå av opplæring i norsk og samfunnskunnskap og arbeids- eller utdanningsretta tiltak. 

Opplæring og tiltak går fram av ein individuell plan som blir utarbeidd i fellesskap med og tilpassa den enkelte deltakar.
Kommunen ved flyktningetenesta eller programrådgjevar, NAV og vaksenopplæringa har forpliktande ansvar for introduksjonsprogram.

Tilsette:

  • Per Atle Einan,  flyktningekonsulent
  • Linda Hovden, miljøarbeidar

Vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa i Seljord kommune

Vaksenopplæringa underviser vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap. Vaksenopplæringa følgjer skuleruta for grunnskulen i Seljord.

Undervisninga er på Telebygget, ved sida av Banken. 

Målsettinga med opplæringa i norskkurset er at kursdeltakaren skal kunne nå eit nivå i norsk som gjer han/ho auka moglegheiter til å bruke den kompetansen dei har med seg, både i utdanning, arbeid og i samfunnslivet generelt.

Vaksenopplæringa i Seljord er godkjend prøvestad og arrangerer nasjonale prøver i norsk, prøve i samfunnskunnskap og statsborgarprøva.
Les meir om prøvene her.

Ved vaksenopplæringa skil ein i hovudsak mellom to grupper:

  1. Personar mellom 16 og 67 år som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap dersom dei har fått opphald:
    NB. Personer med rett til opphald etter EØS-regelverket er ikkje omfatta av introduksjonsloven. Dei har ikkje rett eller plikt til opplæring etter introduksjonsloven. Det er likevel krav til kunnskapar i norsk og samfunnskunnskap for å få norsk statsborgarskap.
  2. Personar med plikt til opplæring (men ikkje rett):
    Arbeidsinnvandrarar mellom 16 og 67 år som er frå land utanfor EØS-/EFTA-regelverket og familiesameinte til desse, har plikt, men ikkje rett til opplæring.

Tilsette:

  • Wenche Heldal, lærar med adm.ansvar for VO
  • Anne Karine Skipar, lærar
  • Rannveig Reinboth, lærar
  • Wenche Jønholt, lærar
  • Hilde Berntsen, lærar