Rettleiing av nytilsette lærarar i Vest-Telemark starta opp hausten 2015. I starten var ordninga for nyutdanna barnehagelærarar i Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Vinje, Tokke og
Nissedal.
Frå og med 2021-2022 vart lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring innlemma i ordninga.
Målgruppa er nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule i Vest-Telemark.
Det gjeld nyutdanna lærarar som er tilsette i Vest-Telemark i minimum 50 % stilling med ei kontrakt med varigheit på minst eit barnehage-eller skuleår, og som har mindre enn to års
erfaring i yrket.
Mål med ordninga:
- sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke
- fremme refleksjon og sjølvutvikling
- auke kvaliteten i barnehage og skule
- utvikle barnehage og skule som organisasjon
- utvikle rettleiarkompetanse i eigen organisasjon
- bidra til å rekruttere, utvikle og behalde dyktige lærarar
Les meir i Plan for oppfølging av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule i vest-Telemark