Informasjon om ekstraordinær busetting av flyktningar i Seljord

Torsdag 31.3.2022 fatta formannskapet vedtak at Seljord kan busette inntil 70 flyktningar i 2022, men vi har fortsatt ikkje mottatt melding frå IMDi om når nye flyktningar kjem til kommunen vår.

Vi er klare til å busette 25 flyktningar i sentrumsnære bustader. Det kan bli aktuelt å ta i bruk bustader i heile kommunen etter kvart som det kjem fleire flyktningar. Kommunen inngår avtale med aktuelle utleigarar og framleiger så bustaden til flyktningane.

Det er oppretta ei kommunal arbeidsgruppe med representantar frå flyktningetenesta, barnehage, skule, helse, nav, samfunn og drift. Vi har møte kvar veke. Det blir lagt ut oppdatert informasjon om busettingsarbeidet i etterkant av neste møte 19.4.22. Vi har avtale med frivillige som kan vere språkhjelp for flyktningar frå Ukraina. Det er utvikla ein digital app til hjelp for nye flyktningar som kjem. Den er klar til bruk etter påskeferien.

Prosessen med å ta imot flyktningar frå Ukraina og busette dei i Seljord kommune fylgjer same prosedyre som ved busetting av flyktningar frå andre land. Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som ber kommunane om å busette Flyktningar. 

Busetting av flyktningar - flytskjema som viser ulike måtar flykningar kan busettast på. (IMDI)

Melding 29.4.22: Vi avsluttar innsamlinga av klede og utstyr til flyktningar frå Ukraina.
No har vi fått inn så mykje klede og andre ting at vi ikkje kan ta i mot meir på Frivilligsentralen.
Vi kjem tilbake med meir spesifikke ynskje om kva vi treng når fleire av flyktningane frå Ukraina er på plass.

Siste nytt 23.5.22:
Seljord kommune busette ny familie frå Ukraina i går 23.5.22. Det er no to familiar frå Ukraina busett i Seljord. Neste familie kjem torsdag 26.5.2022. I løpet av dei neste vekene reknar vi med å ha busett om lag 20 flyktningar frå Ukraina, samt ein ny syrisk familie.  
Seljord kommune oppmodar alle til å melde seg som flyktningeven, ta kontakt med Seljord frivilligsentral og hjelp oss med å gje dei nye flyktningane ein god start på livet i Seljord.
Det blir lagt ut ny, oppdatert informasjon om busettingsarbeidet etter kvart.

Ronde Ingeberg Schade, leiar av kommunal arbeidsgruppe busetting 2022. 

Siste nytt 25. september 2022:

Midtvegs i september har Seljord kommune busett 42 flyktningar.

  • 31 er frå Ukraina
  • 6 er frå Kongo
  • 5 er frå Syria

Den siste familien vi busette kom frå Kongo og skal bu i Bringsåsvegen 18. Familien kom nokre veker tidlegare enn vi var varsla om, så det blei ein hektisk busetting med mykje arbeid for å finne og klargjere bustad.

Dei blei ekstra glade da dei møtte andre seljordingar frå Kongo dei fyrste dagane. Tidlegare busette flyktningar tok del i busettinga.

I løpet av oktober er det forventa ei ny busetting. Personen er frå Afghanistan.

Så langt har busetting i 2022 skjedd i Seljord sentrum.  Det er planlagt at busetting framover i hovudsak vil skje utanfor sentrum. Akkurat no er det ei lita «pause» i busettinga da tenestene våre har ressurs- og kapasitetsutfordringar.

Flyktningane startar fortløpande i introduksjonsprogram med norskopplæring. Alle har behov for mykje språk- og arbeidstrening – ta kontakt om din bedrift kan ta i mot flyktningar og/eller om du har arbeid eller praksisplass ledig.

Siste nytt 27.02.2023:

Seljord kommune har vedtatt å busette minst 40 nye flyktningar i 2023. Dei aller fleste av desse vil vere frå Ukraina. Vi nådde ikkje målet om busetting av 70 flyktningar i 2022, men legg til grunn at vi skal klare å busette alle 40 i 2023. 

Så langt i 2023 er det busett tre nye ukrainske flyktningar. Det blir også busett fleire flyktningar i Flatdal i løpet av våren. Elles vil busettinga skje der vi har tilgang til ledige bustader. 

Vi arbeider med å finne nye bustader som vi kan leige ut til flyktningane som kjem. Vi har fleire bustader som blir klargjort i løpet av våren, men vi har fortsatt behov for mange fleire. 

Har du ledig bustad som vi kan leige av deg? Ta kontakt! 

Vi har mange deltakarar som har behov for arbeids- og språkpraksis. Ta kontakt om du kan bidra. 

Har du spørsmål eller innspel til busettingsarbeidet? Ta kontakt! 

Ronde Ingeberg Schade, avdelingsleiar Avdeling for integrering og vaksenopplæring.
e-post ronde.schade@seljord.kommune.no , mobil 41 32 89 29.

 

 

Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar.

Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar.
Innsamling. I løpet av kort tid vil vi opne for innsamling av klede, leiker og anna utstyr. Frivilligsentralen og Røde Kors vil ha ansvar for innsamlinga.  

Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Frivilligsentralen ved Rikke Christine Roseng

Frivilligsentralen, sosial møtestad.
Kafeen til frivilligsentralen vil vere møteplass for flyktningane som kjem. Der kan dei møtast for å støtte og hjelpe kvarandre. Vi ynskjer også å servere mat av og til til dei som kjem. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Frivilligsentralen ved Anne Marie Smeland.

Besøksven.
Røde Kors ynskjer at fleire kan vere besøksven for dei nye flyktningefamiliane. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Røde Kors ved Karianne Firingen Skori.

Vil du støtte arbeidet til Røde Kors Seljord? Vipps til 740 317 «Seljord Røde Kors - Ukraina».

Meir informasjon om korleis du kan hjelpe flyktningane? 

Korleis kommunen førebur seg

Korleis førebur kommunen seg?

  • Kommunal arbeidsgruppe.
    Ei kommunal arbeidsgruppe jobbar med å kartlegge konsekvensar og behov ved busetting av 70 flyktningar. Med i gruppa er representantar frå skule, barnehage, NAV, tekniske tenester og helse. Gruppa kjem med innspel til rådmannen og politisk nivå. Gruppa skal arbeide for å koordinere dei kommunale tenestene best mogleg og har møte kvar måndag. 
  • Flyktningar frå alle land.
    Det er IMDi som bestemmer kva for flyktningar vi får til Seljord. Vi reknar med at det i hovudsak vil vere flyktningar frå Ukraina, men trur også at det kjem flyktningar frå andre land i 2022. Vi ynskjer at alle saman skal få oppleve Seljord på beste moglege vis – som det gode vertskap!
  • Kvalifisering og arbeid
    Det er forventa at fleire av flyktningane som kjem til Seljord har utdanning og yrkeserfaring. Ta kontakt om du/din bedrift har ledige stilling eller behov for arbeidskraft.  Seljord kommune samarbeider med NAV Vest-Telemark.