Meir informasjon om oppgåvene

Den interkommunale psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane.
Psykologen rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff ho også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologen har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 14 B, men vil ha faste dagar i kvar kommune.

Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern eller PPT. (Tilbodet er gratis.)