Høyring - detaljregulering for fjellbru og turvegbru vestsida av Flatsjå. Frist for innspel 31.5.2021.

Seljord kommune varslar med dette om at detaljregulering for fjellbru og turvegbru langs vestsida av Flatsjå blir lagt ut til offentleg ettersyn, i tråd med plan- og bygningslova § 12-10. Samfunnsutvalet godkjente planen i sitt møte den 07.04.21 sak 29/21. 

Innspel/merknader til planforslaget må sendast elektronisk innan 31.05.2021 til post@seljord.kommune.no»

Reguleringsplankart, planomtale og føresegner og andre vedlegg tilknytt planen finn finn du her:

 

 

 

Høyring - Detaljregulering Håkkedalen. - Frist for innspel 6.5.2021

Seljord kommune varslar med dette om at detaljregulering for Håkkedalen blir lagt ut til offentleg ettersyn, i tråd med plan- og bygningslova § 12-10. Samfunnsutvalet godkjente planen i sitt møte den 11.03.21 sak 10/21. Innspel/merknader til planforslaget må sendast elektronisk innan 06.05.2021 til post@seljord.kommune.no

Reguleringsplankart, planomtale og føresegner og andre vedlegg tilknytt planen finn du her:

 

 

Høyring - Felles kommunalt ordensreglement for grunnskulane i Seljord. Høyringsfrist er ute.

Seljord kommune sender med dette forslag til felles kommunalt ordensreglement for skulane ut til høyring i perioden 10.12.20 til 1.2.2021. 
Kommunestyret fattar endeleg vedtak om ordensreglementet våren 2021.

Alle elevar har rett til eit godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Eit ordensreglement med klare og gode reglar for åtferd kan vere eit viktig verkemiddel for å skape eit godt miljø for elevane.

Send høyringsinnspel til post@seljord.kommune
Merk med «Høyringsinnspel ordensreglement grunnskulen».

Elevråd, foreldreutval, samarbeidsutval, skulemiljøutval og skulane skal få informasjon frå skulen. Ungdomsrådet blir informert i møte 7.12.2020.

Frist for innspel er 1.2.2021

Lenker:

Helsing kommunalsjef for oppvekst
Ronde Ingeberg Schade

Høyring - Detaljregulering Sinnesodden plan. Høyringsfrist er ute.

Seljord kommune varslar med dette om at detaljregulering for Sinnesodden blir lagt ut til offentleg ettersyn, i tråd med plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11.
Samfunnsutvalet godkjente planen i møtet 26.8.20 - sak 33/20.

Reguleringsplankart, planomtale og føresegner og andre vedlegg tilknytt planen finn ein her, samt i kommunens kartwebløysning frå og med 6.11.20.

Innspel/merknader til planforslaget må sendast elektronisk innan 24. janauar 2021 til post@seljord.kommune.no

Vedlegg:

Høyring - Kommunedelplan Helse og omsorg. Høyringsfrist er ute.

Seljord kommune starter no arbeidet med ny kommunedelplan for helse og omsorg 2021-2033 for Seljord kommune. Kommunestyret vedtok den 15. oktober å legge forslag til planprogram til ny kommunedelplan for helse og omsorg ut til offentleg ettersyn i, i samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 11-13.
Planprogrammet skisserer aktuelle tema, framdrift, organisering, medverknad og behov for utgreiingar.  Forslag til planprogram fylgjer som vedlegg.                 

Frist for merknader til planprogrammet er sett til 13. januar 2021.

Send merknader til Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord eller til post@seljord.kommune.no

Hovudplan for vatn og avløp 2020-2030. Høyringsfrist er ute.

Plandokument på høyring

Papirutgåve er lagt ut på kommunehuset.

Send innspel til post@seljord.kommune.no
Frist 4.12.2020.

Trafikktrygleiksplan 2020-2024. Høyringsfrist er ute.

Plandokument på høyring

Papirutgåve er lagt ut på kommunehuset.

Send innspel til post@seljord.kommune.no
Frist 4.12.2020.

Samfunnsdelens handlingsprogram 2021 – 2024 - Kunngjering. Høyringsfrist er ute.

Kommunestyret fatta fylgjande vedtak 15.10.20, sak 114/20: 
«Kommuneplanen sin handlingsdel vert vedteken, med dei endringar som vart vedtekne i møtet, og leggast ut til offentleg ettersyn i 30 dagar. Endeleg handsaming og godkjenning skjer i samband med vedtak av budsjett og økonomiplan (Gul Bok) i kommunestyret 10.12.2020.»

Handlingsprogrammet finn du her. 

Frist for innspel og merknader er 24.11.2020, send til post@seljord.kommune.no

Rådmannen

Varsel om igangsetting av arbeid med detaljregulering til offentleg turveg og sykkelrute langs Flatsjå. Høyringsfrist er ute.

I varslingsbrevet heiter det m.a.: Målet med planen er å leggje tilrette for ei god sykkelrute mellom Flatdal og Seljord. Dette er del av prosjektet «Opplevingsvegen om Nutheim», der målsetjinga er å lage sykkelruter med fokus på landskapsopplevingar i kultur- og sogelandskapet, til glede både for lokale og tilreisande fot og sykkelturistar. 

Planområdet er uregulert i dag. Seljord kommune har nyleg lagt ut revidert arealdel i kommuneplanen (2018-2030) på høyring. Forslag om sykkelrute langs Flatsjå er omtala i denne, så dersom arealplanen blir vedteken slik han ligg nå, er tiltaket i tråd med overordna plan.

Spørsmål eller synspunkt til planarbeidet kan sendast innan 26.10.2020 til:

Feste Sør AS, v/ Therese Hagen, postboks 120, 3901 Porsgrunn, eller e-post: th@feste.no

Med kopi til Seljord kommune på post@seljord.kommune.no eller til Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3849 Seljord.

Varslingsbrev

Varslingskart

Høyring - Håkkedalen - varsel om oppstart av planarbeid. Høyringsfrist er ute.

Varsel om oppstart av igangsett planarbeid for detaljregulering av gang-/sykkelveg i Håkkedalen, Seljord kommune.

Spørsmål eller synspunkt til planarbeidet kan du sende til:

Feste Sør AS, v/ Therese Hagen, postboks 120, 3901 Porsgrunn, eller e-post: th@feste.no

OBS! Kopi til Seljord kommune på post@seljord.kommune.no, eller til Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3849 Seljord.

Frist:  Innan 10.08.2020 

Dokument: