Krisesenter
For å unngå at unødig frykt for smitte gjer at valdsutsette let vere å ta kontakt med eit krisesenter, er det viktig med god og målretta informasjon om at krisesentra følgjer dei tilrådde smittevernreglane.
Bufdir har difor i samarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, NKVTS, utarbeidd ein kort informasjonstekst om at krisesentra følgjer smittevernreglane. Denne er lagt ut på nettportalen dinutvei.no. Nettportalen er styresmaktene sin kanal for informasjon om hjelpetilbodet til valdsutsette og valdsutøvarar, inkludert kommunene sine krisesentertilbod. Informasjonsteksten er oversett til fleire språk.
Lenker:
- Kva er eit krisesenter? Din utvei.no
- Rutine for krisesentertilbod i Seljord kommune
- Senter mot incest og overgrep (SMISO) Telemark
Senter mot incest og overgrep i Telemark, SMISO
Onsdag 1.9.21 har Smiso fyrste dag med kontor i Seljord. No skal det bli kortare avstand til hjelp etter overgrep for dei som bur lenger opp i fylket.
Birger Svela og Mette Sterner frå SMISO er klar for å innfinne seg på Møterom 2 på kommunehuset i Seljord.
Annakvar veke på onsdagar vil du finne SMISO på kommunehuset, og dei som ønsker einesamtaler kan gjere avtale med dei om det.