Fishspot Telemark

Naturbaserte opplevingsnæringar, deriblant fiske, er eit aukande segment i reiselivet. Ein ser at fisketurisme i mange tilfelle gjev store ringverknader. Det har kome eit initiativ om å forsøke å hente ut meir verdiskaping av fiskeressursar i fjellkommunane i Telemark; Hjartdal, Seljord, Tinn, Tokke, Tinn, Vinje og Fyresdal. Initiativet har blitt til eit prosjekt finansiert gjennom fjellandbruksmidlar frå Fylkesmannen i  Vestfold og Telemark, eigd av AT Skog. Faun Naturforvaltning leiar prosjektet i samarbeid med Gudmund Nygaard i Fishspot.no.

Målet med prosjektet er auka lokal verdiskaping, slik som dei har fått til særleg i Hedmark. Prosjektet ynskjer å kome i kontakt med dykk som vil noko med fiskeressursen dykkar, men og med dykk som har tilknytta tilbod som overnatting, fiskekortutsal, matservering eller kan vere fiskeguide. Prosjektet tilbyr ulike produktpakker ettersom kva tilbydar du er. Les meir i denne klikkbare pdf’en - de kan klikke på aktuelle tema og få meir informasjon. Ser de produktpakker som er interessante for dykk, ta kontakt med prosjektadministrasjonen - fyrste mann til mølla! Kontaktinformasjon til prosjektadministrasjonen finn de på side 2 i den klikkbare pdf’en.

Prosjektet har og ei prosjektside på Facebook der det etter kvart blir lagt ut relevant informasjon. Gruppa heiter «Fishspot Fjell-Telemark, bli gjerne medlem i denne gruppa om du er interessert i oppdateringar om prosjektet.

Fallvilt og ettersøk

Fallvilt er alt vilt som er skada, sjukt eller daudt i naturen. Skada hjortevilt som må avlivast, og hjortevilt som vert felt som skadedyr, er kommunen sin eigedom. Fallvilt av andre artar er det statlege viltfondet sin eigedom. Arbeidet med fallvilt er ei kommunal oppgåve, og kommunen har eigne godkjente ettersøksfolk som tek seg av fallvilt og handterer dette. Oppgåvene til desse er å utføre kommunen sine oppgåver knytt til:

  • Fallvilt
  • Skada vilt som må avlivast
  • Vilt som vert felt som skadedyr
  • Kommunen sine oppgåver i høve ettersøk under ordinær jakt

Dyr som kan nyttast til mat, skal godkjennast av Mattilsynet. Kjøtet vert selt til inntekt for viltfondet.

Påkøyrsel av vilt skal varslast til politiet på tlf 02800

Ettersøksavtale:

Ved all jakt på storvilt er det krav om tilgang på godkjend ettersøksekvipasje (hund og førar). Registeret for ettersøkshund, Norsk Kennel Klub, finn du her: https://www.nkk.no/ettersokshundregister/category1160.html

Dersom ein ikkje har tilgang til godkjent hund sjølv eller i eige jaktlag, må ein inngå ettersøksavtale med godkjend ekvipasje. Avtaleskjema finn du her: https://www.miljodirektoratet.no/for-private/jakt-felling-og-fangst/bruk-av-hund-ved-jakt/ettersokshund/

Observasjon av rovdyr

Observasjonar av rovdyr og skader på bufe skal ein rapportere til Statens naturoppsyn ved regional rovviltansvarlig:
Espen Marker, tlf. 975 70 975, epost: espen.marker@miljodir.no 

Naturskade

Er du ramma av naturskader på bustad og eigedom? Det finst gode ordningar for skader grunna flaum, storm, ras o.l., men det er ikkje alltid så lett å finne ut av dei, særleg ikkje når skaden alt har skjedd. 

"Statens naturskadeordning" kan dekke skader det ikkje er mogleg å forsikre gjennom ei privat forsikringsordning. Private eigarar, tomtefestarar, veglag og organisasjonar kan få naturskadeerstatning.  Merk at søknadsfristen er tre månadar etter at skaden skjedde.

På lenkene under vil du finne informasjon om ulike ordningar rundt naturskadeerstatning. Vi legg og ut lenker til sider der innbyggjarane kan få gode råd og tips for å forhindre større skader, og for kva ein skal gjere når uhellet er ute.

Revisjon av konsesjonsvilkåra for Sundsbarmreguleringa

Dei berørte kommunanen vil stille krav om revisjon av Sundsbarmkonsesjonen. Konsesjonen er nå 50 år gamal og det er høve til å krevje revisjon frå 2013.

Konsesjonsdokumentet av 5. juli 1963
Høyringsuttalene i samband med revisjonen

1. Lokale dokument i samband med revisjonen:

2. Nasjonale lenker og dokument i samband med revisjonar generelt: