Kva gjer barnevernet?

Barneverntenesta har ansvaret for alle barnevernstiltak som blir sett inn i høve til det enkelte barn/ungdom, samt delansvar i alt førebyggjande arbeid. 
Det er eit grunnleggjande prinsipp i dagens samfunn at foreldra sjølve skal syte for borna sine.

Barneverntenesta har som oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna i kommunen når foreldra av ulike årsaker ikkje kan ivareta ansvaret sitt. 
Barneverntenesta skal verne barn mot omsorgssvikt og motvirke at barna lir fysisk og psykisk overlast.

Dersom barneverntenesta blir kjent med slike forhold har barneverntenesta ei lovbestemt plikt til straks å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig setje i verk tiltak.

Barneverntenesta sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Barnevernet skal gje hjelp og støtte for at heimen skal kunne makte oppdragaransvaret sitt, men barneverntenesta har og plikt til å gripe inn dersom det ikkje nyttar.

Melde frå til Barnevernet

Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde ifrå til barnevernet.

Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder ifrå. Når du har sagt ifrå, er det  barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp frå barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.


Slik melder du i frå:

Vi oppmodar at du brukar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet eller om du vil vera anonym overfor barnevernet, kan du laste ned eit meldingsskjema (Word) som du fyller ut og sender til barneverntenesta i kommunen. NB: Dette skjemaet må sendes i posten og ikkje via e-post.»

Hjelpetiltak

Barneverntenesta vurderer først om det er mogleg å gje hjelp til barnet og familien slik at dei kan fungere betre i heimesituasjonen. Som førebyggjande hjelpetiltak tilbyr barnevernet råd/veiledning, tilsynsførar, miljøarbeidar, heimekonsulent, avlastning/besøksheim, plass i barnehage/SFO, støttekontakt, økonomisk stønad til barnet slik at det kan delta i fritidsaktivitetar e.l. 
Plassering utanfor heimen blir fyrst vurdert dersom frivillige hjelpetiltak ikkje fører fram eller vurderast som nyttelause.

Barneverntenesta samarbeider med Bufetat (den statlege barneverntenesta) om å finne eigna fosterheimar og institusjonsplassar. 
Når det gjeld avlastning/besøksheimar og støttekontaktar ynskjer barneverntenesta å koma i kontakt med familiar som er interessert i å hjelpe barn som har behov for det.

Lover og reglar

Heimel: 
Meir om kva som er barneverntenesta sitt ansvar og arbeidsoppgåver finn de i Barnevernloven. 
Lova seier noko om vilkåra for når det offentlege kan gripe inn med tiltak for barn og familie,  kva for tiltak ein kan nytte, og lova gjev reglar for sakshandsaminga.

Teieplikt: 
Alle som arbeider i barneverntenesta har teieplikt. Teieplikta omfattar og fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.

Klage: 
Dei som er partar i saka, har klagerett og søksmålsrett. 
Alle vedtak som blir fatta av barneverntenesta i kommunen, kan påklagast til fylkesmannen. 
Fristen for klage er 3 veker. 
Vedtak fatta av fylkesnemnda kan bringast inn for tingretten til rettsleg overprøving. 
Fristen for å bringe saka inn for retten er 2 månader.