Sommarvedlikehald

Sommarvedlikehaldet vert i all hovudsak utført av lokale entreprenørar.

 

Vintervedlikehald

Vintervedlikehaldet er sett bort til lokale entreprenørar. Dei som har kontrakt på brøytinga har og ansvaret for strøyinga på dei forskjellige rodane.

 

Teleløysing

I periodar med teleløysing vert det innført aksellastrestriksjonar på dei fleste vegane. Restriksjonane vert annonsert i dei lokale avisene og maks aksellast kjem fram av skiltinga på kvar enkelt veg. 
Etter Veglova er det Statens vegvesen som har mynde til å gje dispensasjonar, men det blir i utgangspunktet ikkje gjeve dispensasjonar anna enn til buss i rute og renovasjonsbil.