• Nye plassar og endring av plass ved hovudopptaket gjeld frå skulestart i august. Vi tek ikkje opp nye barn etter 1.mai.
  • Etteropptak blir gjennomført viss det er ledig kapasitet i barnehagane, og viss det blir frigjort plassar i løpet av barnehageåret. Søkarar som kjem inn etter hovudopptaket får tilbod om å stå på søkarliste viss det ikkje er kapasitet til nye opptak.
  • Ved hovudopptaker gir kommunen primært berre plass til barn som har rett til barnehageplass etter barnehagelova, det betyr dei barna som har fyllt eit år innan utgangen av november, eller har rett til plass etter lov om barnevernstenester eller har nedsett funksjonsevne.
  • Vi oppfordrar likevel til å søke om plass og bli sett på søkarliste sjølv om du ikkje kjem innanfor retten til barnehageplass. På den måten har vi oversikt over behovet, og kan fortløpande ta opp etter søkarlista viss det blir frigjort plassar.
  • Det er ein månads oppseiingsfrist.
  • Du vil berre kunne søke gjennom Foreldreportalen, Visma  for ny plass, endring av plass, og overføring til annan barnehage. Viss du treng hjelp til å søke elektronisk, kan du få hjelp i barnehagen eller på kommunehuset. 
  • Alle må svare skriftleg  på om dei tek imot plass, endring av plass o.l. Det skal skje i Foreldreportalen
  • Oppseiingar må og vere skriftleg. Det skal og skje i Foreldreportalen. Hugs at det er ein månads oppseiingsfrist