Tilbodet omfattar
- Heildøgns omsorgsteneste i bustad for funksjonshemma, Heddelitunet
- Praktisk bistand /opplæring og hjelp i heimen for personar med funksjonshemming
- Tilbod om aktivisering for funksjonshemma; mellom anna vaksenopplæring og tilrettelagt arbeid
- Dagtilbod på "Eventyrsenteret"
Eventyrsenteret
Eventyrsenteret er eit nyskapande dagsenter for brukarar med tilknyting til Tilrettelagte tenester, og er lokalisert på Distriktspsykiatrisk Seljord, DPS.
På senteret har vi eit overordna mål: «Å løfte HEILE menneske».
Med tydelege verdiar lagt til grunn tilbyr me eit dagtilbod av høg kvalitet. Vi fokuser på å skape gode dagar der kvar enkelt skal kjenne på tryggleik, likeverd, glede, meistring og fridom til å vere seg sjølv.
Gjennom temabasert læring, kreativitet og skaparglede utviklar kvart individ seg. På senteret rustar me også kvarandre til å vere gode inspiratorar for andre i og utanfor kommunen.
Fagleiar: Ingvild Haugerud Øverland, tlf.: 970 00 113