Turområde

Raudkleivområdet:
Raudkleiv skileikanlegg med trim/turløyper, eit nytt anlegg på skihistorisk grunn. For å kome til Raudkleiv, ta av frå E134 mot Garvikstrondi og ta fyrste avkjøyring til høgre. Vegen blir brøytt/strødd tyrsdag, onsdag, laurdag og sondag. Tysdagar og onsdagar skal vegen vere klar kl. 18.00 i samband med skikarusell/-trening, og i helgene kl.10. Det er stor parkeringsplass, så det er plass til alle. 
Kivledalen:
Følg Gullnesvegen forbi Heddeli bu og servicesenter og Heddeli barnehage like til parkeringa ved Tippen. Skiløypa gjeng mot Bygdardalen og Sundsbarmvatnet. 
Lifjell:
Lifjellplatået er staden for deg som vil høgare til fjells. Ta av E134 nær sentrum til Grimåsen, ca. 8 km. Vegen gjeng innover Grunningsdalen, forbi Reinstaul gard, og vidare siste stykket til Grimås. Her er det god parkering og vegen til høgfjellet er ca. 30 min. skitur unna. Flott høgfjellsterreng, høge nutar og fine løypetrasear. Ein kan gå langtur til Hollane, og vidare over platået til ein endar på Jønnbu i Bø kommune. Det er også er fine løyper til Notodden kommune. Ein kjem innpå eit løypenett med utgangspunkt ved Myrgvarv i Heddal. (Gavlasjå). Ved å nytte dei kan det au bli ein fin rundtur tilbake til Seljord. Bomveg kr. 40,- gratis parkering. Kart: Lifjell.
Langlim:
Sving av E134 mot Åmotsdal v. Nutheim øverst i Flatdal. Etter nokre kilometer kan ein ta til venstre til Langlim. Vegen er skilta frå Åmotsdalsvegen
Åmotsdal / Sudbø:
Vil ein på tur til Brattefjell / Vindeggen området, kan det være naturleg å starte frå parkeringa på Sudbø. Her ligg høgfjellet foran dykk, med alt dette har å by på. Her kan ein også gå over til Rauland om ein ynskjer det. Kart: Seljord nord.
Kvambekk:
Kvambekkheii eit nydelig turområde heilt nordvest i Seljord kommune, øverst i Åmotsdal. Her er det meste av terrenget over 1000 m.o.h. Kart: Seljord nord.
Svartdal:
Sving av E134 mot Svartdal og Lien fjellgard, til parkeringa ved Nørsteteig (6 km.) Kart: Seljord nord. Skislepa til Svain byrjar ved Nørsteteig, og gjeng forbi kapellet (kopi av Eidsborg stavkyrkje). Løypa gjeng vidare gjennom Minnesjorddalen, forbi Skrøyva, Jønntjønn og vidare mot Svain. Her ligg høge nutar som Svanibba, Brattefjell, Robekknuten og Vindeggen, så valet er rikhaldig og fritt kor ferda måtte gå vidare. 
Flatdal:
Flatdal bygdeutviklingslag og Flatdal idrettslag har rydda og merka fleire løyper og stigar. Du finn kartblad med informasjon om området på heimesida vår. Elles er det på gang eit arbeid med å utarbeide nye kart, og dei vil bli lagt i nye kasser på dei ulike informasjonstavlene i Flatdal, ved Nutheim og avkøyringa ved Haugsvold i Svartdal.

Skihistorie

Skihistoria frå Seljord er lang og kan famne om mykje, her er korte utdrag frå den. Seljord bibliotek har bøker om dette temaet, mellom anna "Seljordidretten gjennom tidene" av Peder Lindhjem.
Ski har vorte bruka i heile Noreg i fleire tusen år. Skihistoria i Telemark er også ein del av denne historia, og segner om store bragder frå gamal tid er mange. Skia var eit viktig reiskap om vinteren for husmenn og bønder. I boka til Olav Bø finn me eit godt eksempel på det, då han viser til namnet "husmannshesten" bruka som namn på ski blant fattige husmenn som var sin eigen hest om vinteren. Sondre Norheim frå Morgedal er kjent for å trekkje høysleden etter seg på ski, og har vel brasa inn på låven med sleden etter seg meir enn ei gong. Etter nokre år med nedgangstider blomstra skiidretten opp i Noreg i ca. 1850-60 åra. Rundt om i bygdene i Vest-Telemark vart det skipa skyttarlag som også tok seg av skiløyping, Vinje og Mo så tidleg som i 1862, i Kviteseid og Lårdal i 1866 og deretter i Seljord i 1868, laget fekk namnet Siljord skytarlag.

Med skyttarlaget kom skiidretten i Seljord inn i meir organiserte former, og i skipingsåret vart det fyrste premieskirennet arrangert på garden Klomset. Dette var i all hovudsak det me i dag vil kalla eit hopprenn på ski. Det er verdt å nemne i denne samanhengen at hopprenn på ski hadde då vore praktisera i millitæret i fleire tiår. Bakken på Klomset låg ovanfor garden, og terrenget gav eit naturleg hopp. Knut Heimkleiv skal ha hoppa så langt som 21 meter under prøvehoppinga. Andre hopparar som utmerka seg var Halvor Aadalen, Aslak Smedal, Knut Lisland, Torkjell Hansson Rui, Jørn Bakken, Halvor Kasland og Kristian Satabakken.

I 1869 vart det og arrangert skirenn på Klomset, og desse renna vart årvisse i bygda. Rundt 1880 vart renna flytta til Nordbygdi, seinare til Nordgaardskasin og Raudkleivskotet. Raudkleivskotet vart mykje bruka, då han eigna seg både til hopp og slalåm. I 1880 arrangerte skyttarlaget skirenn på Djuvsreinane. Det var både slalåm og ein springmarsj på 2500 fot. 
Av premiane til kr. 30,- gav Centralforeningen for udbredelse av legemsøvelser og vaabenbrug 2/3 av potten, og løyparane resten. Seljordingane tok dei fem fyrste plassane: 1. Jens Bjørge, 2. Halvor Aadalen, 3. Johannes Nordgarden, 4. Knut Rue, 5. Høye Nordgarden, 6. Sveinung Drangstveit frå Morgedal, 7. Sveinung Svalastoga frå Rauland og 8. Åsmund Grave.

Skiløyparar frå Seljord drog også til hovudstaden Christiania og deltok i skirenn, og var med dette eit bidrag til å skapa opptakten til den moderne skisport. Så tidleg som i 1870 var Olav Reinstaul frå Seljord saman med Sondre Norheim til Christiania. Sondre Norheim hadde gått på ski frå Morgedal, og kom til Reinstaul. Den naturlege vegen frå Morgedal var over heia frå Morgedal og ned til Seljord. Vidare gjennom Grunningsdalen over til Heddal og Notodden, og deretter vidare mot Christiania. Olav var rundt 20 år då Sondre ville ha han med til hovudstaden. Olav meinte han ikkje hadde utstyr til dette, og lysta var ikkje til stades. Det endte med at Sondre laga ski til Olav, og han stelte seg med hudsko, vidjeband og nisteskreppe. Når dette var gjort fortsette dei ferda til hovudstaden. Skiføret dette året var prega av mildver og var dårleg i Christiania, det ordinære rennet kunne ikkje haldast då det skulle. I Aftenbladet stod denne lysinga: 
"Sondre Ouersen Norheim og Olaf Torgrimsen Reinstaul af Thelemarken samt jæger no. 46 av Comp. Hans Andreassen fra Nordre Land ville, da et påtænkt almindelig skirend endnu ikke kan afholdes, udføre nogle rend på førstkommende søndag kl. 9 1/2 formiddag fra husene på Eugenia Stiftelses Løkke. Bedste udsikt til banen fra Akers kirke. Bøsser vil blive sendt til erlæggelse af en frivillig entre"  Under tevlinga hoppa Sondre fem og Olav fire "mælstengar". Etterpå gjorde Olav "ei ekstralåm for moro på eitt ski, det andre heldt han i håndi. Då ropa dei hurra, byfolki. Premiane var 10 dalar på deling og eit sylvstaup til kvar". 
Denne skituren i 1870 fortel mykje interessant skihistorie, både om førebuingar, utstyr og tevlingar.

Året etter, i 1871, gjekk Aslak Smedal f. 1842 d. 1911 heilt til topps i premieskirennet i Christiania. - Aslak voks opp på Smedal, ein plass under Rinde i Åmotsdal. Han gjekk skulevegen, var på seminaret i Kviteseid, var lærar i Trollebotn på Seljordsheia, var nokre år i Christiania, og vart seinare lærar og kyrkjesongar i Flatdal.

Så tidleg som i 1886 vart det halde landsrenn i Seljord. Det syner at bygda hadde ein sentral plass i skiidretten desse åra. Rennet gjekk i Raudkleiv, og er særleg kjent fordi hoppet til korporal Nordgaard på 26 meter vart rekna som verdsrekord. Det er og ein av dei fyrste gongene ordet "slalåm" dukkar opp i eit renn. Referatet frå Norsk idrætsblad er interessant, fordi det fortel om datidas konkurranseform og skidugleiken til løparane.

For eit djupare innsyn i boka "Seljordidretten gjennom tidene" av Peder Lindhjem, kan den lånast på Seljord bibliotek.