ID344 Seljord barne- og ungdomsskule - lærarar - mellombelse stillingar. Frist 19.3.21

Skildring av eininga
Seljord barne- og ungdomsskule er ein 1-10-skule med felles skuleleiing. Skulane ligg ved sidan av kvarandre i to ulike bygg, men med felles skuleleiing. Skulen har 299 elevar. Skulen følgjer nasjonal bemanningsnorm for pedagogtettleik. Alle elevar har kvar sin Ipad til bruk i undervisning.

Om stillinga
Seljord barne- og ungdomsskule har ledige mellombelse lærarstillingar for skuleåret 2021-2022 med oppstart 1.8.2021.

  • På ungdomssteget er det behov for undervisningskompetanse i kunst og handverk, musikk, norsk, KRLE, samfunnsfag, tysk,  spesialpedagogikk og norsk som andrespråk.
  • På barnetrinnet er det behov for undervisningskompetanse i alle fag for 1.-7.trinn, spesialpedagogikk og norsk som andrespråk.

Skulen ønskjer lærarar med  høg kompetanse i klasseleiing, relasjonskompetanse, tilpassa opplæring og IKT som grunnleggjande ferdigheit. I tillegg vil erfaring som kontaktlærar bli vektlagt ved tilsetting.  Det vil óg bli lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.

Den som får tilbod om stilling må vise gyldig politiattest før tilsetting.

Det kan bli ledig ei stilling opptil 50% som IKT-ressursperson. Søkjar må anten ha formell kompetanse innan IKT i skulen, eller ha brei erfaring frå pedagogisk og teknisk arbeid med IKT i skulen. Stillinga vil vere kombinert med undervisning. Arbeidsoppgåver vil blant anna vere å hjelpe elevar og lærarar med teknisk utstyr, oversyn og kompetanse på kommunale lisensar og vere bindeledd opp mot skuleleiinga og kommunalsjef når det gjeld IKT i skulen.

Søkjarar må ha godkjent lærarutdanning eller tilsvarande.

Det vil bli gjennomført intervju med aktuelle søkjarar.

Den som søker må spesifisere:

  • fagkompetanse
  • om ein søkjar stilling på barnesteget eller ungdomssteget
  • om ein også søkjer på stillinga som IKT-ressursperson                              

Vi tilbyr

  • løn etter hovudtariffavtala
  • pensjon via KLP/SPK
  • IA-bedrift

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med einingsleiar/ rektor Kjersti Bollerud, på telefon 909 54 019 eller e-post kjersti.bollerud@seljord.kommune.no

Søknadsfrist: 19.3.2021

Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via elektronisk skjema. Du må registrere utdanning og arbeidserfaring i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.

 

ID 343 - Steinmoen bu -og servicesenter - Fagarbeider/assistent 11,3 % faste stillingar x 3. Frist 8.3.21

Steinmoen bu –og servicesenter er eit butilbod for 9 bebuarar med heildøgns bemanning. Det ligg i Åmotsdal, og er ein del av open omsorg i Seljord kommune.

Det er tre faste stillingar på 11,3 % som nå blir lyst ut. Alle stillingane er på dagtid, med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er praktisk bistand til bebuarane på senteret. Det kan vera hjelp til personleg hygiene, ernæring, legemiddelhandtering og det å bidra til sosialt fellesskap mm.

Kvalifikasjonskrav

  • Fagarbeider/assistent
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter Hovudtariffavtala
  • Pensjon via KLP/SPK
  • IA-bedrift

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Sigrid Kleivi Berge på telefon 97604902 eller e-post sigrid.kleivi@seljord.kommune.no, eller dagleg leiar Gunn Berit Listaul på telefon 90596452 eller e-post gunn.berit.listaul@seljord.kommune.no.

Søknadsfrist: 8.3.2021

Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema ID 343.

Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.

ID 342 - Steinmoen Bu- og servicesenter - Fagarbeider/assistent 60 % fast stilling. Frist 8.3.21

Steinmoen bu -og servicesenter er eit butilbod for 9 bebuarar, med heildøgns bemanning. Det ligg i Åmotsdal, og er ein del av open omsorg i Seljord kommune.

Den ledige stillinga er ei 60 % stilling som består av kvilande nattevakter, dagvakter og kveldsvakter, og har arbeid kvar tredje helg.
Dette er ei fast stilling som er ledig frå 1.4.2021

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene er å yte praktisk bistand til bebuarane på senteret. Det kan vera hjelp til personleg hygiene, ernæring, legemiddelhandtering og bidra til å skape sosialt fellesskap mm.

Kvalifikasjonskrav:

  • Du må vera helsefagarbeidar/assistent
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Løn etter Hovudtariffavtala
  • Pensjon via KLP/SPK
  • IA-bedrift


For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar open omsorg; Sigrid Kleivi Berge på telefon 97604902 eller e-post sigrid.kleivi@seljord.kommune.no eller dagleg leiar Gunn Berit Listaul telefon 90596452 eller e-post gunn.berit.listaul@seljord.kommune.no.
Søknadsfrist: 8.3.2021

Søk  via elektronisk søknadsskjema
Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkarliste.

ID 341 Vernepleiar 100% fast. Frist 15.3.21.

Skildring av eininga:

Teneste for Funksjonshemma i Seljord kommune leverer tenester til 13 personar med ulike hjelpebehov. 8 av desse bor i eller i umiddelbar nærleik til basen. Tenesta har 21 fast tilsette fordelt på omlag 13 stillingsheimlar. Tenesta er godt organisert og kan skilte med et triveleg arbeidsmiljø.

Om stillinga:

Vi søker etter ein vernepleiar til ei fast 100% stilling. Arbeidsoppgåvene er knytt til arbeid i miljøet i bustaden og på aktivitetssenteret knytt til bustaden. Den som blir tilsett må kunne ta på seg ansvarsoppgåver knytt til oppfølging av enkeltbrukarar, og må kunne utføre oppgåver med stell og pleie.

Arbeidet er turnusbasert med jobb dag og kveld, samt 12-times vakter kvar 4.helg. Oppstart 1.august 2021. 

Kvalifikasjonskrav:

Vi søker etter ein person med:

  • Vernepleiarutdanning
  • Erfaring frå arbeid med funksjonshemma brukarar er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid innanfor helse og omsorg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Førarkort klasse B.
  • Det er ein fordel å vere fylt 23 år med tanke på bruk av einskilde bilar

Du må kunne by på den du er, le med andre og gjerne av deg sjølv. Du må også evne å gå inn i dialog om mogligheiter og grenser, samtykke og val.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

Søkarar med andre relevante kvalifikasjonar vil kunne kome i betraktning.

Vi tilbyr:

  • Løn etter Hovudtariffavtala
  • Pensjon via KLP/SPK
  • IA-bedrift
  • Trivelege kollegaer
  • Gode moglegheiter for å lære

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar Janne Larsen på telefon 482 97 433 eller e-postadresse janne.larsen@seljord.kommune.no

Vi oppmodar søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke spesielt. 

Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema  ID 341.
Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste. Denne prosessen tar litt tid. Det er derfor klokt å søke litt før søknadsfristen, og sette av litt god tid til dette arbeidet.

Søknadsfrist: 15.03.2021 

ID 339 Ledig fast stilling som sjukepleiar ved Nesbukti pleie –og omsorgssenter. Frist 28.2.21

Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på avdeling for demente, 3 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.

Vi har ledig følgande:

80,28% fast stilling som sjukepleiar på natt

Eigenskaper:

  • Formell utdanning og norsk autorisasjon
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og god arbeidskapasitet
  • Positiv og engasjert
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Vi vektlegg personlege eigenskapar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

Me tilbyr:

  • God og strukturert opplæring
  • Fokus på fagleg utvikling og kompetanse
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Turnus med arbeid kvar tredje helg

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Dersom interne omrokkeringer tilset vi også i desse.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

For meir informasjon, ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332  e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no

 Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema  ID 339

Søknadsfrist 28.02.21

ID338 Sommarvikarar - helse og omsorg. Frist 14.2.21

Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt sommarjobb i 2021? Vi har ledige sommarjobbar i helse- og omsorgsektoren

Seljord kommune søkjer etter sjukepleiarar, vernepleiarar, sjukepleiarstudentar, vernepleiarstudentar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, heimehjelparar, assistentar.
Aktuelle arbeidsstader er Nesbukti pleie- og omsorgssenter, teneste for funksjonshemma, legevakt, helsesenter, heimesjukepleia, heimehjelp, Nestunet og Steinmoen bu- og servicesenter.

Hovudferieavviklinga vert frå veke 26 til og med 32 .Vi ynskjer primært søkjarar som kan arbeide heile hovudferieperioden. For sommarjobb på turnusarbeidsplassar er det arbeid annakvar helg. Sei frå om kva for veker du eventuelt ikkje kan jobbe.

Søkarar må vera fylt 18 år. For å vikariere i heimetenesta og i bustad for funksjonshemma, må søkarane ha sertifikat.

Det blir kravd helsefagleg utdanning for å arbeide i heimesjukepleie og legevaktteneste.

Generelt:

  • Opplæring skjer etter avtale med einingsleiar, fortrinnsvis før vikariatet startar. Obligatorisk/naudsynt legemiddelhandteringskurs er 22.6, eventuelt digitalt dersom smittevernsituasjonen ikkje tillet fysiske samlingar.
  • Det blir stilt krav om godkjend politiattest for tilsetting innan helse og omsorg før tilsetting i sommarjobben, jamfør Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når arbeidet tek til.

Vi tilbyr:

  • Verdifull arbeidserfaring
  • Spennande arbeidsoppgåver i gode arbeidsmiljø
  • Relevant praksis
  • Lønskompensasjon for dokumenterte studieår
  • Pensjonsopptening i KLP for kvar arbeida time

Løna fylgjer Hovudtariffavtala som gjeld for tilsette i kommunal sektor. Høgskulestudentar som jobbar innan relevante fagområde, vert løna etter lokal avtale, 20 000 kr over minstesatsen pr. dokumenterte studieår. Satsane gjeld frå 1.9.2020, og vil bli oppdaterte:

  • Etter 1. studieår: 322 900 kr i årsløn
  • Etter 2. studieår: 342 900 kr i årsløn
  • Etter 3. studieår: 362 900 kr i årsløn

I søknaden må du oppgje ditt telefonnummer og kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram. Dersom der er andre viktige opplysningar du har til arbeidsgjevar er det viktig at det kjem fram i søknaden.
Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke.

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.

Søk via elektronisk søknadsskjema 

Søknadsfrist 14.2.2021.

ID 331 – Barnehagane i Seljord – Ringevikar – mellombels stilling - open frist

Ringevikar i barnehagane i Seljord.
Seljord kommune har 2 barnehagar; Seljord barnehage med avdeling Heddeli og avdeling Tussejuv og Flatdal oppvekstsenter barnehage. Vi treng ringevikarar i alle avdelingane.          

Kvalifikasjonar:
Det vil bli lagt vekt på barnehagefaglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar, fleksibilitet og gode samarbeidsevner. Erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg.
Dei som får tilbod om å vere ringevikar må vise gyldig politiattest før tilsetting.

Spørsmål om stillingane skal rettast til:

 Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema  ID 331

Open søknadsfrist