Det er to ulike moderasjonsordningar, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:

  • Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sin samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt. 
    Frå 1.1.23 er inntektsgrensa kr 550 000,-
  • Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-3-4-5-åringar. Frå 1.8.23 er inntektsgrensa kr 615 590,-
  • Frå 1.8.23 har Stortinget vedteke gratis barnehageplass for for det tredje barnet for foreldre som har fleire barn i barnehage samtidig.
  • For å få reduksjonen i betaling og gratis kjernetid må du søke kvart år.
  • Søknadsfristen er sett til 1.august eller i samband med ny søknad seinare i året. Du kan søke undervegs i barnehageåret.
  • Ei eventuell endring i barnehagebetaling vil då gjelde frå 1. i neste månad.
  • Du må leggje ved dokumentasjon av familiens inntekt. Familien betaler makspris inntil søknad er sendt og godkjend. Søknadsskjema ligg i Foreldreportalen der du søker om plass, endring og seier opp Lenke dit finn du på heimesida til kommunen, under Skjema.
    No kan du krysse av for at du godkjenner at systemet vårt sjølv lastar opp siste års skattemelding.
    Det er berre viss du ynskjer å laste opp annan dokumentasjon enn siste skattemelding, at du treng å laste opp dokumentasjon sjølv. 
    Viss vi ikkje får riktig dokumentasjon lagt ved søknaden, vil du i fyrste omgang få avslag. Då kan du søke på nytt og leggje ved (laste opp) riktig dokumentasjon.
  • Korleis laste ned dokumentasjon av inntekt i Altinn:
    "Dersom du skal sende skattemeldingen til andre, for eksempel til kommunen eller i en lånesøknad til en bank, kan det være krav til større detaljeringsgrad enn oppsummeringen du får i den nye skattemeldingen.  
    Du finner PDF-versjonen av din opprinnelige skattemelding ved å logge inn i Altinn. I år vil denne være tilgjengelig fra 7. april for alle som har fått ny skattemelding.
    Etter innlogging klikker du på meldingen som heter "Melding: Skattemeldingen for 2020 som dokumentasjon". Da vil du få opp en PDF som du kan lagre eller skrive ut".
  • Sjå detaljane om barnehageprisar under Kommunale avgifter, prisar og gebyr