Personleg eller upersonleg buplikt

  • På landbrukseigedom med lovbestemt buplikt gjeld personleg buplikt, dvs. at buplikta er oppfylt frå den dato eigar sjølv er registrert busett på adressa i tråd med reglane i folkeregisterlova. 
  • Vel kommunen å stille vilkår om buplikt for å innvilge konsesjon, skal kommunen samtidig ta stilling til om buplikta skal vere personleg. 
  • For bustadeigedomar gjeld upersonleg buplikt. Det vil seie buplikta er oppfylt frå den dato eigar eller leigetakar er registrert busett på adressa i tråd med reglane i folkeregisterlova. 

Fristar for tilflytting

Frist for å sørge for fast busetting er eitt år etter ervervet. 

Buplikta si varigheit

  • Lovbestemt, personleg buplikt på landbrukseigedom har ei varigheit på fem år. 
  • Buplikt gitt som konsesjonsvilkår har normalt ei varigheit på 5 år ved personleg buplikt. Dersom det vert stilt konsesjonsvilkår om upersonleg buplikt, gjeld den ofte i heile eigartida.
  • Buplikt som følgje av nedsett konsesjonsgrense/nullkonsesjon gjeld i heile eigartida. 

Nedsett konsesjonsgrense/nullkonsesjon

Seljord kommune har innført forskrift om nedsett konsesjonsgrense/nullkonsesjon. Formålet er å hindre at eigedomar som bør nyttast som heilårsbustader blir nytta som fritidsbustader. Forskrifta gjeld i heile kommunen for:  

  • Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad. Dette kan for eksempel vere bustader i regulerte bustadfelt, leiligheiter, bustader på små landbrukseigedomar og frittliggande bustader på frådelte tomtar.
  • Eigedom med hus (bebyggelse) som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad - i område regulert til bustadformål.
  • Ubebygd tomt - regulert til bustadformål.

Sjå lenkje til forskrifta i lenkeboksen 

Kva er konsekvensen for deg som vil kjøpe bustad?

Bustadeigedom, som elles kan overtakast konsesjonsfritt og utan buplikt, kan i Seljord berre overtakast konsesjonsfritt viss kjøpar forpliktar seg til å sørge for fast busetting innan eitt år.

Men, nær slekt kan overta bustadeigedom og nytte eigedomen til fritidsformål under føresetnad av at familien har hatt heimel til eigedomen i minst fem år. Figuren nedanfor viser kven som vert rekna som «nær slekt». (Landbruksdirektoratet)

Sambuarar i ekteskapsliknande forhold, jf. arveloven § 28 a, og deira nære familie er omfatta på same måte som ektefeller.

Buplikt - Landbruksdirektoratet

Korleis oppfylle buplikta?

Som fast busetting reknar ein at eigaren eller andre er registrert busett på eigedomen i tråd med reglane i folkeregisterloven. Skatt Sør kan gje rettleiing om folkeregisterlova.

Når må det søkjast om konsesjon for eigedomen?

Det må søkjast konsesjon for eigedomen dersom:

  • Kjøpar vil søkje om fritak frå buplikta.
  • Kjøpar vil søkje om utsett frist for tilflytting.
  • Kjøpar ser at det ikkje let seg gjere å sørge for fast busetting innan eitt år når det nærmar seg fristen for tilflytting.
  • Fyll ut skjema LDIR-359, Søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom. Bruk feltet for tilleggsopplysningar side 3 for å begrunne søknaden. 

Eigedom med utleigeeining

Det er nok med heilårsbusetting anten i hovuddelen eller utleigedelen av bustaden. Buplikta kan ikkje oppfyllast ved kortvarig utleige, utleige av feriebustad e.l., men må ha heilårsbusetting som formål.  

Seksjonert bustad

Det må vere fast busetting i kvar bueining.

Eigedom med fleire bueiningar

Til dømes fleire bustadhus på same tomt:

Det er nok med fast busetting i ein av bustadane. 

Til kvar sender du søknaden?

Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord eller post@seljord.kommune.no