Som ein del av bygdeutviklarprosjektet, som blei starta opp i januar 2022, er det laga ei nettside knytt til dette. Nettsida heiter seljordbu.

Bygdeutviklaren i Seljord driftar nettsida og ho jobbar aktivt med å halde informasjonen oppdatert.

Nettsida – www.seljordbu.no skal gjere det enklare for nye tilflyttarar å få oversikt over dei mange tilboda som finnes i kommunen vår.

Seljordbu inneheld informasjon om kor du kan finne ledige bustader og tomter, barnehage- og skuletilbod, kor du finn ledige stillingar, oversikt og næringsliv og fritidsaktivitetar. Det skal vere enkelt å finne informasjon viss ein ynskjer å etablere seg i Seljord, og me håpar at den vil kome til nytte både for nye og for eksisterande innbyggjarar.

Kontakt bygdeutvilar Kristine Kleiv for meir infomasjon på tlf. 97 77 38 40 eller e-post kristine@bygdeutvilar.no