Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra / dei føresette få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra / dei føresette eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølve skriftleg melding. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra / dei føresette om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

    Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra / dei føresette sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre/føresette eller elevar opplever som problematiske.

    Målgruppe

    Elevar og foreldre/føresette til elevar

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Sjå
    forvaltningsloven
    opplæringslova § 2-3 a Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa og § 2-4 Undervisninga i faget kristendom, religion, livssyn og etikk

    Lover

    Forvaltningsloven
    Opplæringslova

    Retningslinjer

    Fritak fra opplæring

    Læreplan i KRLE

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Foreldra / dei føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gje skriftleg melding utan samtykke frå foreldra / dei føresette.

  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Dersom skulen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Grunnskular
    Telefon:35065100
    Postadresse:Brøløsvegen 13 A 3840 SELJORD
    Besøksadresse:Brøløsvegen 13 A 3840 SELJORD

    Kontaktpersoner

    Navn:Ingunn Haugland
    Tittel:Einingsleiar
    Telefon:35051321
    Epost:ingunn.haugland@seljord.kommune.no
    Navn:Pia Groven-Robertsen
    Tittel:Einingsleiar
    Telefon:35051360
    Epost:pia.robertsen@seljord.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2022-07-01 13:55