Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dokumentasjon i byggesaker

Som søkjar i byggesaker er ein pliktig til å ha undersøkt ein del forhold kring området ein søker i. Det kan vera flaum/skredfare og andre natur og miljøforhold. Dette er opplysningar som tidlegare er vore litt vanskeleg tilgjengeleg for den vanlege søkjar, men områdeanalyse i e-torg løysinga vår gjev nå ein  forenkla oversikt på dette. Kommunen ynskjer at alle som leverer inn byggesaker/delingssaker bestiller ein slik forenkla analyse og legg denne ved byggesaken sin. Dei søkjarane som gjer dette vil få kostnaden trekt frå på byggesaksgebyret. Søkjarar som ikkje har lagt dette ved kan få byggesaka si returnert med krav om betre dokumentasjon. Kommunen vil då ikkje dekke kostnad med å framskaffe dette.  Kommunen ynskjer å sette fokus på dette for å  kvalitetsheve byggesaksprosessen (saka blir meir opplyst) og ikkje minst for å kunne spare tid på sjølve handsaminga som vil gje kortare sakshandsamings tid.