Informasjon om beredskapen i Seljord kommune

Leia av ein kriseleiingsstab som består av personar som i kraft av si stilling, politisk eller administrativt, har kunnskap og/eller myndigheit til å setje i verk tiltak raskt og effektivt.  
Kriseleiingsstaben er leia av rådmann.

Ordførar/varaordførar har plass i staben. Ordførar representerar høgste myndigheit for å taka avgjerder i høve til å kunne overskride budsjett i krisetilfelle. 

Kriseleiinga sett i gang tiltak, koordinerer alle involverte partar, og har ansvar for informasjon til innbyggjarane.

Kommunal heimeside med tilhøyrande Facebookside vil vere sentral kommunikasjonsplattform i slike tilfelle. 

Kommunalt kriseteam

Formålet med kriseteamet er å hjelpe menneske som har vore utsett for store kjenslemessige påkjenningar i samband med ulykker/krise/katastrofar innanfor kommunen, og gje eit tilbod til innbyggarane i Seljord som har vore utsett for tilsvarande opplevingar utanfor kommunen.

Trongen for slik hjelp vil variere sterkt frå person til person, det kjem an på både den faktiske hendinga og kjenslemessige reaksjonar hos dei som er innblanda i ei ulykke/krise. I tillegg vil behovet for krisehjelp variere ut frå kva slag nettverk dei berørte har. Ein veit og at tidlegare traumatiske opplevingar vil kunne påverke dei psykiske reaksjonane etter ei dramatisk hending.

Kriseteamet kan tre i kraft ved brå/uventa død eller krise. Teamet skal koma fort i gang, og trekke seg raskt ut som kriseteam. Kvar yrkesgruppe skal deretter arbeide vidare med individuell oppfylging i kraft av det ordinære tenesteapparatet.

Kontakt med kriseteamet kan formidlast gjennom legevakt, politisentral, brannvesen og ambulansetenesta. Det betyr at viss du ynskjer hjelp frå kriseteamet, kan du ta kontakt med ein av desse instansane. 

Legevakt

Seljord legevaktsentral / Legevaktsentral for Kviteseid og Seljord 
Telefon:  35 05 00 05 / 116 117 
Adresse: Helsesenteret, Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord 

Ved livstrugande tilstandar eller ulukker, ring 113

Kommunane Seljord og Kviteseid har organisert legevaktsamarbeid på kveld og helger. 
På dagtid kl 08.00-15.00 kan folk vende seg til kommunelegekontora på lokale telefonnummer. 

På natt går alle meldingane til legevaktsentralen på Notodden, pasientane ringer lokalt nummer som vert vidarekopla. 
Vakthavande lege er er i heimevakt i Seljord/Kviteseid, med utrykningstid på ca 20 min.

Opningstider Seljord legevaktsentral:

  • Kvardagar sommarstid 1.5.-30.9. kl 15.15 – 22.45
  • Vinterstid 1.10.-31.5. kl 15.30 – 22.45
  • Alle helgar og høgtidsdagar kl 08.00 – 22.45

Opingstider Notodden legevaktsentral:

  • Alle dagar kl 22.45 – 08.00

Telefon Notodden legevaktsentral: 35 05 00 05 (for pasientar frå Seljord og Kviteseid)

Personvern

Stortinget har vedteke ei ny Personopplysningslov basert på lovgiving i EU og EØS. Den nye personopplysningslova endrar og skjerper pliktene til handtering av personopplysningar i både offentleg og privat sektor, og borgarane får eit styrka personvern. Loven gjeld alle som opererer i EU og EØS-området eller som tilbyr varer eller tenester.

Regelverket skal sikre og styrke folks kontroll over eigne personopplysningar. Ein kan krevje å få utlevert personopplysningar om deg, og å vite korleis og til kva personopplysningar blir brukt.

Alle kommunane skal ha eit Personvernombod. Personvernombodet skal informere og gi råd, kontrollere at verksemda overheld personvernregelverket, gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar, samarbeide med Datatilsynet, og vere ein kontaktperson. Personvernombod i Seljord kommune er Bente Widenoja Sudbø.

Det er Datatilsynet som har tilsynsansvar, og som vil vere klageinstans.

Datatilsynet har laga eigne informasjonssider der du finn informasjon om reglane og ordninga. Du finn lenke til Datatilsynet nedst på sida.

Personvernkontakten i Seljord kommune er Amalie Gravir. Tlf.: 350 65 121
Send e-post

Lenker: