Tilbod til ungdom i Seljord

Treng du nokon å prate med eller har du spørsmål om rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, prevensjon, psykiske utfordringar eller kosthald? Me tilbyr også testing av SOI.

TILBOD TIL UNGDOM I SELJORD

Helsesjukepleiar vil vere på helsestasjonen i Seljord.

Ring for avtale på tlf: 99 51 41 74/ 48 24 62 71, eller kom på drop-in.

  • Elevar som går på Vest Telemark vidaregåande skule,avd. Seljord
  • Elevar som går på Seljord ungdomskule
  • Elevar frå Seljord folkehøgskule
  • Ungdom opp til 24 år

Det er Anbjørg og Veronica frå helsestasjonen og skulehelsetenesta som vil vere tilstades.

Me følger nasjonale smittevernsreglar:

  • Du kan ikkje kome viss du har symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon.
  • Er du sjuk kan du få time på telefon. Ring først viss du er i tvil.