Informasjon om skabb

Skabb

Det er ei auke av smitta personar med skabb i samfunnet.

Skabb er ein hudsjukdom som skuldast ein skabbmidd som graver gangar i huda og legg egg. Typisk for denne tilstanden er at ein plutseleg får ein plagsam kløe som blir  opplevd mest intens etter at ein har lagt seg under dyna. Kløen er sterkast på stader der skabbmidden finst, men kløen rammer etter kvart heile kroppen. Hovud og nakke går som regel fri for smitte og kløe. Dei fleste utviklar kløande, raude prikkar, av og til små blemmer, og etter kvart skorper som følge av kløinga.

Skabbmidden blir overført frå person til person ved litt lengre hudkontakt (cirka 15 minutt ). Skabbmidd kan overleve i t.d. sengetøy i kort tid, inntil fire døgn, og dette kan vere smittekjelda i nokre tilfelle.

Utslettet og kløen skuldast ein allergisk reaksjon mot midden og midden sine avfallsprodukt. Denne reaksjonen kjem tre til fem veker etter at du har blitt smitta.

Behandling av skabb:
Det er avgjerande å kvitte seg med eventuell skabbmidd som kan vere i huset. Skabbmidd vil døy etter to til fire døgn utan kontakt med hud. Sengetøy, håndklede og klede som har vore nær huden, må vaskast ved 60 grader. Tøy som ikkje tåler dette, kan hengast bort i ei veke, eller leggast i ein fryseboks over natta. Større plagg og yttertøy, dyner, teppe, puter og madrassar må luftast godt og kjøleg og settast bort. Hugs å reingjere PC og mobiltelefonar som også kan vere moglege smittevegar.

Medikamentell behandling:
Skabbsmitte kan behandlast med permetrin krem (Nix®). Det er særs viktig å gjennomføre behandling på riktig måte for at den skal vere effektiv. Sjå eigen informasjon med detaljert instruks.  Det blir rådd til å gjenta behandlinga etter ei veke.

Andre råd:
I tillegg til den sjuke skal alle familiemedlemmer og nære kontaktar (husstandsmedlemmer, seksualpartnar) behandlast, sjølv om dei ikkje har kløe, utslett eller andre teikn på smitte. Behandlinga bør skje samtidig for alle. Sjølv om behandlinga er vellukka, kan kløen vedvare i opptil fire veker. Ein kortisonsalve vil kunne dempe denne kløen.

Me kan alle vere med på å redusere tal på smitta i samfunnet.

I lenkene under kan du lese meir om skabb dersom du vil vite meir: