Skulen jobbar etter prinsippa i "God skole" og har timeplanfesta elevsamtaler med kontaktlærar kvar veke. Det er utarbeida rutiner for dei ulike trinna, som skal syte for at dei vaksne på skulen er samkjørte i møtet med elevane. 

Vi er ein aktiv skule, som nyttar nærområdet til turar på alle trinn heile året. I løpet av skuleåret er det fleire periodar med tverrfaglege tema. Vi er opptatt av at elevgruppa er mangfaldig og prioriterer fag som kunst og handverk og mat og helse like høgt som teorifaga. Seljord barne- og ungdomsskule er med i Liv og røre i regi av fylkeskommunen. Her kan du lese meir om dette. 

Dersom du har barn ved skulen på 1.-7. trinn, er det mogleg å låne samlingsrommet til arrangement som støttar opp under eit inkluderande skule- og klassemiljø. Her finn du retningslinjer for lånet. 

MOT_Logo_Main_RGB

MOT og Super!!

Vi er ein MOT-skule, og gjennomfører programma “Robust ungdom” for ungdomstrinnet og “Super!!” for småtrinnet. MOT er forankra i positiv psykologi. Framfor å fokusere på negativ åtferd, vil MOT forsterke dei positive handlingane vi ynskjer meir av. MOT ynskjer å gje barn og unge verdiar og verktøy til å meistre liva sine. Programma bidrar til å skape inkluderande klassemiljø og robuste barn og ungdom. 

Koordinator for MOT: Tommy Sandsdalen
MOT-coachar: Tommy Sandsdalen, Roar Slinde, Solfrid Bjørge og Anbjørg Gjerjordet
 

MOT Super

Trygt og godt skulemiljø

Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjer helse, trivsel og læring. Det er eleven si eigen oppleving av korleis det er på skulen som er avgjerande. 

Skulen skal syte for at elevane har det trygt og godt på skulen. Alle som jobbar på skulen skal følgje med om elevane har det bra. Alle som jobbar på skulen har plikt til å følgje med, om naudsynt gripe inn, og melde frå rektor dersom ein elev blir mobba/plaga eller på andre måtar ikkje har det bra. 
Rektor har ansvar for å lage ein plan og sette inn tiltak til eleven igjen har det trygt og godt på skulen. Rektor skal informere eleven og foreldre om kva som blir gjort, og eleven har rett til å bli høyrt. Dette kallast aktivitetsplikta. 
Dersom ein elev blir krenka av ein tilsett på skulen, skal rektor varsle skuleeigar. 

Foreldre har høve til å melde saka til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, dersom ein meiner at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar. Før saka blir meldt til Statsforvaltaren, må saka bli tatt opp med rektor og det må gå minst ei veke. Saka må gjelde skulemiljøet som eleven går på nå. 

Dagsrytme

1.- 4. trinn

  • Måndag - onsdag - fredag: kl. 08:10- 12:00
  • Tysdag - torsdag: kl. 08:10- 13:50

5.- 10. trinn:

  • Alle dagar: kl. 08:10 - 13:50

Los på ungdomstrinnet

Vi er glade for å ha ei stilling som los knytt til ungdomstrinnet. Det er Tommy Sandsdalen som har denne jobbe. Overordna målsetting for losen er å gjera overgangen frå grunnskulen til vidaregåande skule trygg for elevane, slik at det blir lettare å gjennomføre vidaregåande utdanning. Dette kan handle om yrkesrettleiing, bidra til auka meistring og motivasjon hos elevane, vera ein samtalepartnar og rettleie i sosialt samspel og kompetanse. I kvardagen er Tommy med i ulike aktivitetar med elevane, både i klasse eller med enkeltelevar. Han samarbeider tett med kontaktlærarar, helse, sosiallærar og rådgjevar. Han jobbar spesielt med skulenærvær og hjelper elevar som har behov for støtte og koordinering knytt til oppmøte. 
Tommy er utdanna barnevernspedagog og har sin yrkesbakgrunn frå ulike barnevernsinstitusjonar og som rettleiar/motivator i IDEA kompetanse. 
Du kan kontakte Tommy på e-post. 

Basket u-trinnet

Skulenærvær

Vi veit at fleire og fleire elevar strevar i kortare eller lengre periodar med å gå på skulen.
Vi veit at årsakane til dette som oftast er samansette.
Vi veit at dersom vi kjem tidleg inn med tiltak, kan vi hindre at skulefråværet utviklar seg.

I opplæringslova har skulen ei plikt til å føgje opp elevar som i kortare eller lengre periodar strevar med oppmøte på skulen. Vi har utarbeida rutinar og ein rettleiar for å styrke skulenærværet.

Her finn du Seljord barne- og ungdomsskule sin rettleiar for arbeid med skulenærvær. 

 

Råd og utval 2024 - 2025

FAU 

Leiar: Torfinn Heggtveit 
Nestleiar: Ida Wang 
Sekretær: Sara Fjågseund Aase 

Innkalling 19.09.24 
Referat 19.09.24

Barn

SFO

SFO er eit tilbod for barn på 1.- 4. trinn og barn på 5.- 7. trinn med særskilt behov. Det er tilbod om SFO før skulen om morgonen og etter skulen på ettermiddagen fram til kl. 16:30 kvar dag. Det er ulikt kor mange barn som er på SFO til dei ulike tidspunkta, men tilsaman er det ca. 60 barn på SFO. SFO har ei rammeplan, som du finn her. På SFO ved Seljord barne- og ungdomsskule legg ein vekt på matlaging, ulike formingsaktivitetar og å vera mykje ute. Leik er ein viktig del av SFO. 

Årsplan for SFO skuleåret 2024 - 2025