Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tilskotsordningar

NB!! Viktig å lese dette før du fyller ut søknad om tilskot til drift.

Kommunen ber lag/organisasjonar / 17. mai komitear/ løypekjørarar om å samle sine faste/kjente aktiviteter i ein søknad, og ber om at lag med undergrupper fremmer ein felles søknad.  Alle søknadar vil bli behovsprøva og må difor følgjast av kontoutskrifter/årsoppgjer for å bli handsama.

Til lag, foreiningar og organisasjonar i Seljord: Seljord kommune gjev tilskot for drift og administrasjon av frivillige lag, foreiningar og organisasjonar for 2021. I år vil kommunen prioritere tilskot til lag og foreiningar som i hovudsak har aktivitet for  barn, unge og eldre.

Søknadsfrist 15. mars 2021. 

Elektronisk søknadsskjema om tilskot for kulturmidlar og utskriftvenleg skjema finn du her. 

Papirskjema kan du få ved å vende deg til  kommunehuset;  post@seljord.kommune.no  eller tlf. 35 06 51 00.    

Ved spørsmål om desse ordningane eller andre tilskotsordningar - ta kontakt med kultursjef Asbjørn Storrusten,  as@seljord.kommune.no /tlf. 350 65 155.

Lokal tiltakspakke - korona 04.06.20

Seljord kommune har løyvd kr 1. mil. til lokale tiltak for å hjelpe nokon verksemder og lag/foreiningar gjennom denne koronatida.

Pakka omfattar fire ulike ordningar, m.a. støtte til verksemder som vil tilby sommarjobb for ungdom - søknadsskjema for den ordninga finn du her .
OBS! Søknadsfrist 20.juni 2020.

Du kan lese meir om dei ulike ordningane i tiltakspakka her.

Spørsmål om ordningane kan stillast til kultur- og næringssjef Asbjørn Storrusten  e-post ; as@seljord.kommune.no eller tlf;  917 96 785.

Send enkel søknad til: post@seljord.kommune.no, merka Lokal tiltakspakke.

Kontingentkassa

Seljord kommune har etablert ei tilskotsordning kalla Kontingentkassa. Ordninga er eit samarbeid med Telemark idrettskrets og Gjensidigestiftinga.
Søknadar vil bli handsama fortløpande (ingen søknadsfrist), og midlar blir fordelt til kassa er tom.

Ordninga er for barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, og som er del av familiar med låg inntekt. Støtta skal gå til kontingentar, aktivitetar og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge, uavhengig av foreldra sin inntekt, kan delta på organiserte fritidsaktivitetar.
Det vil etterkvart bli mogleg å skaffe syklar innanfor ordninga. Ta kontakt for å sjekke status. Du finn søknadsskjema på skjemasida vår. 

Meir informasjon om ordninga finn du saman med søknadsskjema under Søknadsskjema kontingentkasse her 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker

Kontakt

Kultur- og næringssjef
Asbjørn Storrusten
Mob 91796785

Sist oppdatert 12. februar 2021