Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bibliotek

Seljord bibliotek, Nyveg 16, 3840 Seljord. Tlf. 35 06 51 56, e-postFacebook

OBS! For arrangement og tilstellingar - sjå bibliotekets facebookside.

Sommaropningstider: Torsdagar frå 12 til 19, frå veke 26  til og med veke 33

Ordinære opningstider: Måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00-19.00, onsdag og fredag kl. 09-15.
Meirope bibliotek: Måndag, tysdag og tordag kl. 19.00-22.00, onsdag kl. 15.00-22.00

OBS! Endra opningstider i skuleferiar.

Meirope bibliotek betyr tilgang i ordinær opningstida på Granvin, men utanom bibliotekets bemanna opningstid. Du må vere over 18 år og ha avtale om innlogging, det får du på biblioteket!  Avtale om tilgang meirope bibliotek

Vest Telemarkbiblioteka

Vest Telemarkbiblioteka samarbeider. Vi har mellom anna felles bokbase og nettside med arrangementskalender og andre tenester. Sida er under utarbeiding.

Søk i samlingane i heile Vest Telemark og logg deg inn på Mine sider her

 

Sommarope torsdagar 12 til 19

I skuleferien held Seljord bibliotek som vanleg ope kvar torsdag frå klokka 12 til 19. Dette gjeld for perioden 24.6 til om med 16.8.2024.

Vi ynskjer deg velkommen innom oss for ei roleg stund, avislesing eller lån av bøker og tidsskrift. Hugs at vi kan hjelpe med å reservere eller bestille inn bøker du ynskjer å lese.

Vi har mange fine sommarlespremier til alle barn som deltek i lesekampanjen. Kom innom og sjå!

God sommar!

Mann som ligg i ei hengekøye og les

Tidsskrift og aviser seinare på dagen

Pga. nye distribusjonstider, kjem aviser og tidsskrift fyrst tpå føremiddagen, innan klokka 14. Vi beklagar denne ulempa!

Vi oppmoder publikum til å registrere lånekortet sitt i PressReader når de er på biblioteket, og dermed få tilgang til ei rekkje nasjonale og internasjonale aviser og tidsskrift digitalt. 

Ei bunke med aviser

Biblioteket er stengt fredag 10. mai

Sidan biblioteket fylgjer skuleruta, held vi stengt fredag 10. mai. Nytt helga til å gjere noko triveleg. Lån deg gjerne ei bok til helga.

Vi ynskjer alle ei fin langhelg og velkommen att måndag 13. mai!

Vår. Utsikt frå Nutheim

Hurra! 200 000 kr frå Sparebankstiftinga til Seljord bibliotek

Den 12. april fekk Seljord bibliotek overrekt 200 000 kr frå Sparebankstiftinga til investering i soneskapande møblar i biblioteket. Det har lenge vore etterlengta å få på plass fleire stillesonar og skjerma område der ein kan sitje i fred og ro å arbeide eller lese. Til dømes saknar mange barn og ungde ein roleg plass å gjere lekser, arbeide med gruppearbeid eller spele spel utan å bli forstyrra av andre. Det same gjeld studentar som har heimeeksamen eller besøkande som skal gjennomføre digitale møte.

Seljord bibliotek søkte derfor Sparebankstiftinga om støtte, og fekk den gledelege tildelinga i april i år. No ser dei fram til å velge ut passande møblar og legge endå betre til rette for barn og unge i biblioteket.

Bilete av dei tilsette ved Seljord bibliotek, som har fått støtte frå Sparebankstiftinga

Kaukasus med Richard Bærug 4. april

Boka «KAUKASUS. Fra Elbrus til Ararat» skildrar 80 vakre vandringar til fots i den kaukasiske fjellheimen; både i Georgia, Armenia, Aserbajdsjan, Russland og Tyrkia. Torsdag 4. april kjem Richard Bærug til Seljord bibliotek for å fortelje meir om dette.
 
 
Omslagsfoto Kaukasus av Richard Bærug

I påska held biblioteket stengt

Kom innom før påske om du treng lesestoff til hytteturen, peiskosen eller høgtlesing for barnebarna. Vi held ope som normalt fram til og med fredag 22.3 og held stengt i påskeveka.

Velkommen att tysdag 2. april!

Påskeegg

Stengt bibliotek fredag 15. mars

Fredag 15. mars er alle tilsette i Vest Telemarkbiblioteka på fellessamling og biblioteket held stengt. Alle som har registrert lånekortet sitt for meirope, kan nytte biblioteket og låne bøker via sjølvbeteningsautomaten.

Vi beklagar ulempa og ynskjer velkommen att måndag 18. mars.

Lukket, bordkalender