Seljord SFO

Seljord SFO har eiga Facebookside, sjå her 

Flatdal SFO

Flatdal SFO ligg under rektors ansvarsområde. 

Søke SFO

Søknadsfrist for å søke om plass eller endre plass for nytt skuleår er 1.april. 
Det er ein månads oppseiingsfrist. Vi ber og om at søknader om plass eller endring av plass kjem inn minst 14 dagar før dato for ynskja plass eller endring. 
Frå mai 21 må de søke om plass, endring av plass og seie opp plass via Foreldreportalen(Visma). Krev innlogging ved ID-porten. De finn den på Skjemasidene til kommunen.

NB! Barnet har plassen sin inntil familien søker om endring eller seier opp plassen.
Barn som går i 4.klasse, har SFO-plassen ut skuleåret. Vi ber om at de seier opp plassen skriftleg viss de ynskjer at barnet skal slutte tidlegare, ein månad før siste dag, slik at vi får ført barnet ut på rett dato. 

SFO for elevar med særskilde behov på 5.-7.trinn:
Elevar med særskilde behov har rett på SFO-plass på 5.-7.trinn. Tilbodet skal vere gratis bortsett frå kostpengar. Tilbodet er avhengig av søknad.
Bruk Foreldreportalen Visma 
Kryss av på SFO-tilbod for 5.-7.klasse, og bruk merknadsfeltet til å skrive kva slags tilbod du ynskjer visss du ikkje ynskjer fullt tilbod, 5 morgon/ettermiddag.

Redusert betaling for SFO-plass - Pris

Prisoversyn SFO

Ordningar for redusert betaling for SFO-plass:
Les meir om ordninga på Udir sine nettsider

  • Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1. og 2., 3. og 4.trinn.
    Har familien samla inntekt lågare enn kr 516 667,-  kan ein søke om redusert foreldrebetaling
  • Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
  • Frå hausten 2022: 12 timar pr. veke gratis SFO for elevar på 1.trinn, og frå hausten 2023 også for elevar på 2.trinn..
    Ordninga er innretta slik at vi må trekke frå verdien av 12 timar på kvar enkelt elev sitt fakturagrunnlag kvar månad for gjeldande klassetrinn. 
    Sjå prisoversynet for SFO for 1.klasse

Slik søkjer du:
Send søknad om redusert foreldrebetaling via Foreldreportalen (Visma) sjå og skjemasidene våre, Søk tenester
I Foreldreportalen/Visma kan du både søke om plass, endring, oppseiing og søke om redusert betaling. Krev innlogging med ID-porten.
Merk at du laste opp og leggje ved dokumentasjon av inntekt.

Korleis laste ned dokumentasjon av inntekt i Altinn:
"Dersom du skal sende skattemeldingen til andre, for eksempel til kommunen eller i en lånesøknad til en bank, kan det være krav til større detaljeringsgrad enn oppsummeringen du får i den nye skattemeldingen.  
Du finner PDF-versjonen av din opprinnelige skattemelding ved å logge inn i Altinn. I år vil denne være tilgjengelig fra 7. april for alle som har fått ny skattemelding.
Etter innlogging klikker du på meldingen som heter "Melding: Skattemeldingen for 2020 som dokumentasjon". Da vil du få opp en PDF som du kan lagre eller skrive ut".

Du må betale full pris for SFO-plassen fram til søknaden er godkjent. Dersom du søker seinare i året vil eit eventuelt vedtak gjelde frå 1. i månaden etter.
Søkjer må dokumentere husstandens samla bruttoinntekt ved å laste opp siste års skattemelding eller næringsoppgåve. Dersom skattemeldinga ikkje viser den reelle årsløna kan de sende inn annan informasjon ut  frå aktuell situasjon:

  • kopi av siste månads lønsslipp, eventuelt dei 4 siste månadene ved variert inntekt
  • ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram
  • ved permisjon utan løn, må ein dokumentere dette

Merk:

  • Eventuelt vedtak for redusert foreldrebetaling gjeld for 1 år av gongen. Søknadsfrist er 1.august
  • Dersom inntekten i familien blir endra i løpet av året, må kommunen få tilsendt oppdatert dokumentasjon på den nye inntekta.
  • Viss vi ikkje får riktig dokumentasjon lagt ved søknaden, vil du i fyrste omgang få avslag. Då kan du søke på nytt og leggje ved (laste opp) riktig dokumentasjon.