Støtte lokalt næringsliv (næringsfond)

Seljord kommune har sett av 2,5 mill. kroner til å kompensere verksemder som har /får svekka resultat grunna dei høge energikostandar i 2022. Støtte kan gjevast for å kompensere høge prisar på straum, drivstoff eller indirekte knytt til auka energiprisar. 

Søknadsfrist 1.04.2023.

Send søknad om støtte her

Etablererteneste

Seljord kommune har, saman med dei andre kommunane i Vest-Telemark, inngått samarbeid med Telemark Næringshage om etablerertenesta Start Opp Vest-Telemark

Dei tilbyr gründertelefon kvar onsdag mellom kl 09:00 og 13:00 - ring 35 90 17 17 eller du kan sende e-post til  – startopp@telemarknh.no.  Da kan du få ei enkel rettleiing rundt etablering.

 

Næringsareal

Områda som er regulert for næringsverksemd i kommunen er ofte privateigd, men du kan ta kontakt med kommunen for informasjon om dei einskilde områda og eigarar.

Seljord sentrum:
Området mellom Nyveg og Ingrid Slettens veg/ Steinsrudvegen og E134 er regulert som områder til næringsverksemd. 
Områda er privat eigd.

Nordbygdi (Seljord vest) 
I området vest for Seljord, frå Skjerveåi til Rui camping/ mellom Bygdaråi og Nordbygdivegen er det regulert inn områder til næringsverksemd. 
Områda er privat eigd.

Bergen Holm 
Reguleringsplanen for Nordbygdi legg til rette for ca. 150 daa velarrondert og lettbygd areal for næringsverksemd/forretning/industri. 
På deler av området er det kontor-/lagerbygningar, med moglegheit for leige og kjøp. 
Større og mindre tomter blir arrondert for sal. 
Eigar av dette arealet er Bergene Holm AS. I reguleringsplanen er det regulert med offentleg veg gjennom området, vegen vil kople området direkte til E 134. 
Vegen er regulert, men ikkje prosjektert. 

Eit området langs E134 og Bygdaråi er regulert til næringsverksemd, men det føresett opparbeiding av avkjørsle til E134.

Århus industriområde:
Området ligg ca 5 km frå Seljord sentrum, ved E 134 mot Flatdal. 
Det er planlagt stor utbygging i området. 
For mogleg leige/kjøp av areal kontakt  Århus Næringspark ved dagleg leiar Eivind Skogheim tlf 97092322  

Håkkedalen:
Området ligg i Flatdal.  Noko areal er ikkje i bruk. 
Areala er privateigd.

Bergemoen: 
Området ligg i Åmotsdal ved fylkesveg 503, ca 25 km frå Seljord sentrum. Det er om lag 15 dekar som er ledig.  Kommunaleigd.