Generelt om vaksinasjon
- 11.3.21: Folkehelseinstituttet (FHI) har bestemt at vaksinering med AstraZeneca-vaksinen vert sett på vent. Les meir på Folkehelseinstituttets sider
- Koronavaksinasjon er gratis og frivillig. Alle som kan ta vaksina blir anbefalt å ta den.
- Val av vaksine: Du får tilbod om den typen koronavaksine som er tilgjengeleg. Før alle har fått tilbud om vaksine, kan du ikkje velge mellom ulike vaksinar.
Les meir på Folkehelseinstituttets sider - Kommunen ringer deg når det nærmar seg din tur. Du treng ikkje å ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å registrere deg eller sette deg på venteliste.
- Kva tid du får tilbod er avhengig av om du tilhøyrer dei prioriterte gruppene eller ikkje, samt kor mykje vaksine kommunen får tildelt og når den kjem.
- Ver merksom på at du ikkje skal oppgje konto- eller kredittkortnummer ved oppringinga. Kommunen vil berre spørre om fødseldato for å sikre seg at ein snakkar med rett person.
- Seljord kommune fylgjer retningslinjene i det nasjonale vaksineprogrammet, som du kan lese her
- Kven kan få koronavaksine og når? Gjeldande nasjonale prioriteringar finn du her
Status for vaksinasjon av ulike grupper
Gruppe |
Alder |
Vaksinestaus |
Merknadar |
1 |
Bebuarar på sjukeheimen |
Ferdigvaksinert |
|
2 |
85 år og eldre |
Ferdigvaksinert |
|
3 |
75-84 år | Ferdigvaksinert | |
4 |
65-74 år og enkelte med høg risiko 18-64 år |
Start i veke 15 |
96 dosar i veke 15 til folk frå gruppe fire + noko helsepersonell. I veke 16 er det varsla at vi får 78 vaksinedosar til kommunen. |
5 |
55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand |
Ikkje vaksinert |
|
6 |
45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand |
Ikkje avklara, |
|
7 |
18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand |
Ikkje avklara, |
|
8 |
Alder 55-64 år |
Ikkje avklara, |
|
9 |
Alder 45-54 år |
Ikkje avklara, |
|
10 |
Alder 18-44 år |
Ikkje avklara, |
|
Lokal informasjon
Du får beskjed når det er din tur - ikkje ring!
Du blir innkalla. Når kommunen får bekrefta at vaksine er på veg, sett vi av datoar og bestemmer kven som står for tur ut frå prioriterings-lista. Datoane blir annonsert så langt det er praktisk mogeleg. Vi legg også ut beskjed på Facebook. Det kan derfor vere lurt å følge kommunen på Facebook i tida framover.
Kort varsel:
Du må rekne med kort frist, 2-7 dagar, frå du får tilbod om vaksine til vaksinen skal settast.
Vaksinasjon blir gjennomført i det gamle REMA-bygget i sentrum.
Prioritering
Seljord kommune følger den prioriteringa som regjeringa har lagt opp til. I utgangspunktet er det risikogruppene som blir prioritert fyrst, og deretter helsepersonell. Prioriteringa blir i utgangspunktet slik, men dette kan endre seg:
Prioritering av dei ulike risikogruppene:
- Bebuarar på sjukeheim
- Alder 85 år og eldre
- Alder 75-84 år
- Alder 65-74 år og samtidig personar mellom 18 år og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp
- Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstandar
- Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstandar
- Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstandar
- Alder 55-64 år
- Alder 45-54 år
Detaljar og fullstendig liste over gjeldande nasjonale prioriteringar finn du her
Her finn du ei oversikt frå FHI over når vi forventar å kunne vaksinere ulike grupper mot covid-19.