Landbruk
Jordbruket i kommunen er svært variert med store samanhengande jordbruksområde i Flatdal og med særs verdfullt kulturlandskap i fleire delar av kommunen.
Seljord har et totalt skogareal på 581.000 daa,av dette er 211.207 daa er definert som produktiv skog. Viktige kulturlandskapsområde av høg nasjonal verdi, blant anna: Svartdalsområdet, Lisidene i Flatdal, Dyrlandsdalen, Skorigrenda i Åmotsdal, Langlim og Brekkegrenda mot Øvre Bø.
Utvalt kulturlandskap Hjartdal og Svartdal, inkl. retningsliner og rettleiing for tilskot.
Vi har 51 Utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Vestfold og Telemark. Det kom på lista i 2017.
- Forvaltningsplan
- Her kan du sjå film frå området.
- Her kan du sjå opptak av fagkveld om restaurering av eldre bygningar.
- "Pollinerende insekter i UKL for Hjartdal og Svartdal. Trusler og forslag til tiltak" - rapport frå BioFokus
Frå 2020 vart ordninga og ansvaret med utvalde kulturlandskap overført til kommunane.
Regelverket er utarbeidd på grunnlag av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, FOR-2019-12-18-2024
Retningsliner og rettleiing for tilskot i utvalt kulturlandskap for Hjartdal og Svartdal - 2022 - oppdatert oktober 2022.
Informasjon om korleis du kan søke om tilskot innanfor ordninga
Bygningsrapport for gardsbruka i Svartdal
Retningsliner og rettleiing for tilskot til Utvalt kulturlandskap – Hjartdal og Svartdal 2023
Vi har 51 Utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Vestfold og Telemark. Det kom på lista i 2017.
Regelverket er utarbeidd på grunnlag av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap
Føremålet:
Kva for område gjeld ordninga for:
Kven kan søkje:
Det kan søkjast om tilskot til:
- 100.000 kr til møte, samlingar, administrasjon, formidling, styrearbeid.
- Dei resterande 900.000 kr er sett av til tiltak du kan søkje på.
- Av dette er omlag 50.000 kr sett av til no-fence for dyr som beiter heile sesongen i UKL-området.
- Andre tiltak som er prioritert i 2023 er restaurering av eldre bygningar, tiltak som fremjar biologisk mangfald, informasjonsopplegg for born og unge og tiltak til næringsutvikling.
Korleis søkjer du og kva vilkår gjeld:
- Søkjar må, ved registrering av ny søknad, velja kva type søknad som skal sendast. Det kan søkjast på eingongs-/ investeringstiltak eller drift/årleg tiltak.
- Skjema har blitt delt opp i fleire faner/seksjonar for å gjera skjema meir brukarvennleg og enklare for søkjar å fylla ut. Data blir automatisk lagra når søkjar byt fane.
- All naudsynt informasjon frå søkjar skal no fyllast inn i det digitale skjemaet.
- Landbruksdirektoratets malar med obligatoriske vedlegg til digital søknad er ikkje lenger eit krav, og er ikkje tilgjengeleg i søknadskjemaet.
- Ny tabell: kostnads- og finansieringsplan for eingongs-/ investeringstiltak for søkjar.
Rettleiande satsar for eigeninnsats:
- Maks. tilskot pr bygning er 40 % av godkjent (detaljert) kostnadsoverslag, eller avgrensa til maks. 100.000,- pr bygning.
- Manuelt arbeid kr 300 pr. time
- Ryddesag, motorsag, tohjulsmaskinar ol kr 400 pr. time
- Traktor m/førar kr 500 pr. time
- Sats for bordgjerde, inkl. arbeid og materialar kr 175 pr. meter
- Utlegg som ikkje kan dokumenterast med kvittering/bilag og/eller timelister kan ikkje takast med i oversikten.
Kontaktpersonar:
Maria Fremmerlid, e-post: maria.fremmerlid@seljord.kommune.no – mobil 90 57 65 41
Velkomen som søkjar!
Jord- og skogbruk
Seljord kommune viser til at desse tiltaksstrategiane for jord- og skogbruk er gjeldande for 2023-2026.
- Tiltaksstrategi og retningsliner for skogbruket i Seljord 2023-2026
- Retningsliner for søknader om tilskot til bygging og ombygging av skogsvegar i Seljord kommune
- Tiltaksstrategi og retningsliner for SMIL i Seljord 2023-2026
- Tiltaksstrategi og retningsliner - tilskot til tiltak i beiteområde - Seljord 2023-2026