Her er oversikt over dei som har fått transportløyve/leigekøyring i Seljord kommune i perioden 2021-25. Lista kan bli supplert etter kvart.

Vilkår knytt til løyvet, jf retningslinjene:

  • Løyveinnehavar pliktar å sette seg inn i og fylgje dei restriksjonar som finst for snøscooterferdsel i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
  • Løyvet blir berre gjeve til næringsdrivande med organisasjonsnummer
  • Løyvehavaren må føre oppdraget i eit eige skjema før turen startar, som ein skal vise fram ved eventuelle kontrollar
  • Den som får tildelt transportløyve må ha snøscooter som er eigna til transportoppdrag, vere villig til å ta på seg transportoppdrag og ha eit opplegg for å ta imot og utføre transportoppdrag
  • Søkjar skal oppgje kva del av kommunen han/ho vil vere tilgjengeleg for oppdrag. Dersom det er naturleg, kan løyvehavaren også ta oppdrag i andre delar av kommunen
  • All transport skal skje med slede.

Pris og andre vilkår avtalar de direkte med den som tek på seg transporten.