Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktige meldingar om Koronaviruset:

Vi samlar all informasjon om situasjonen i Seljord kommmune, status, meldingar og lenkar til offentleg informasjon på ei eiga faktaside. Faktasida er delt inn i ulike tema. Klikk her
Du finn informasjon om utvida opningstilbod i barnehage og SFO på faktasidene, sjå Barnehage og skule.

Noko informasjon vert i tillegg lagt ut som nyheiter, sjå under "Aktuelt" på framsida. Du finn oversikt over alle nyheitene her - OBS! Sjekk dato for publisering, ting endrar seg fort.
Vi brukar og Facebooksida vår til å dele nyheiter, så gå inn og fylgj sida, så får du opp mykje nyttig informasjon der. 

Les mer

Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    For å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan verke negativt inn på helsa, har visse typar verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Meldinga bør innehalde ei kortfatta oversikt over positive og negative miljøforhold som kan verke inn på helsa. Desse har meldeplikt:
    • asylmottak       
    • hospits
    • campingplassar og liknande
    • undervisningslokale og andre forsamlingslokale
    • verksemder som slepp ut avløpsvatn
    • verksemder som har kjøletårn og liknande innretningar
    • badeanlegg, inkludert boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
    • frisør- og hudpleieverksemder

    Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt folkehelseloven § 10 - Meldeplikt og godkjenning og kap. 3 - Miljørettet helsevern

    Lover

    Folkehelseloven
    Forvaltningsloven

    Forskrifter

    Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu

    Forskrift om hygienekrav for frisørvirksomhet m.v.

    Forskrift om miljørettet helsevern

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Når du sender melding, inneber ikkje det at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg. 

    Klagemulighet

    Du kan klage på vedtak om pålegg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-09-01 18:40
    Gyldig fra
    2011-06-29