Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Legionellasmitte - førebyggjande tiltak

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Eig du ei verksemd som kan spreie legionellabakteriar, skal du sende melding til kommunen ved oppstart og ved utvidingar eller endringar, og eventuelt ta mikrobiologiske prøver. Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.
     

    Du sender melding dersom verksemda har

    • kjøletårn
    • luftskrubbar
    • badeanlegg
    • boblebad som er tilgjengeleg for allmenta

    Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

    Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har

    • kjøletårn
    • luftskrubbar
    • fuktanlegg
    • innandørs fontene 

    så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje. 

    Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitten før du går i gang med å reingjere og desinfisere.

    Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinklaranlegg og fontener) kan overføre bakterien. 

    Målgruppe

    Eigarar av verksemder eller eigedomar som direkte eller indirekte kan spreie legionella

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Melding om verksemda inneber ikkje at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-09-01 18:36
    Gyldig fra
    2016-08-01