Landbruk

Jordbruket i kommunen er svært variert med store samanhengande jordbruksområde i Flatdal og med særs verdfullt kulturlandskap i fleire delar av kommunen. 
Seljord har et totalt skogareal på 581.000 daa,av dette er 211.207 daa er definert som produktiv skog. Viktige kulturlandskapsområde av høg nasjonal verdi, blant anna: Svartdalsområdet, Lisidene i Flatdal, Dyrlandsdalen, Skorigrenda i Åmotsdal, Langlim og Brekkegrenda mot Øvre Bø.

Utvalt kulturlandskap i Hjartdal og Svartdal.

Vi har frå 2019 heile 45 utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Vestfold og Telemark, og dei kom på lista i 2017. Hjartdal og Svartdal er utvalde fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald, kulturminner, kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på området som eit viktig kulturlandskap. I desse områda kan grunneigarar og brukarar søkje tilskot til skjøtselstiltak. Her er den nyleg vedtekne forvaltingsplanen for Hjartdal og Svartdal.  

Her kan du sjå filmen om UKL Hjartdal og Svartdal

Kva for område ordninga gjeld for:
Regelverket gjeld for det utvalde kulturlandskapet Hjartdal og Svartdal slik det er merkt av i forvaltningsplanen for området; sjå kartvedlegg for Hjartdal og Svartdal.

Kven kan søkje:
Alle som har eigedom og interesser innanfor avgrensinga t.d. grunneigarar, drivarar, hytteeigarar, lag og organisasjonar som medverkar til å nå måla i forvaltingsplanen og eventuelle skjøtselsplanar, kan søkje. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar eller andre rettshavarar

Kriterium for tildeling av tilskot, jf § 3 i forskrifta:
Nedanfor er oversikt over dei ulike kulturlandskapstema ein kan søkje om tilskot innanfor:

  • 1.Landskapsskjøtsel
    Mål: Ta vare på og utvikle eit mangfald av det verdifulle kulturlandskapet i jordbruket.

  • 2.Biologisk mangfald
    Mål: Ta vare på og skjøtte biologiske verdifulle areal i jordbrukets kulturlandskap slik at dei oppnår god tilstand og leverer økosystemtenester. Betre statusen for trua artar og naturtypar i jordbrukets kulturlandskap.

  • 3.Kulturminne og kulturmiljø
    Mål: Ta vare på kulturminne og kulturmiljø i jordbrukslandskapet som ressurs for kunnskap, oppleving og bruk.

  • 4.Ferdsel og friluftsliv
    Mål: Gjere ålmenta sin tilgang til jordbrukslandskapet betre gjennom å leggje til rette for tilgjenge og opplevingar knytt til natur, kulturarv og jordbruk. Ta vare på kvalitetar knytt til opplevingar i området og leggje til rette for gode naturopplevingar. Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrringar på plante- og dyrelivet og øydeleggingar av kulturminne og kulturmiljø.

  • 5.Planlegging, kartlegging og dokumentasjon
    Mål: Sikre heilskapleg forvalting av dei utvalde landskapa basert på tverrfagleg kunnskap og gjennom gode prosessar, brei involvering og forankring i områda. Sikre kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar. Sikre kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur og kulturminneverdiar.

  • 6.Andre næringsretta tiltak
    Mål: Leggje til rette for auka verdiskaping. Auka bruk av natur- og kulturarvverdiane som ressursar for lokal verdiskaping, næringsutvikling og sysselsetting i området.

  • 7.Formidling
    Mål: Skape interesse, entusiasme og forståing av kva Utvalde kulturlandskap er og kva verdiar som finst i området.

Kommunen kan ved å løyve tilskot til det enkelte tiltaket, setje vilkår i vedtaksbrevet. Kommunen skal skaffe nødvendig kunnskap om landbruk, natur og kulturminne før ein gjer vedtak om tildeling av tilskot. Tiltak som er starta eller ferdig, vil normalt ikkje få tilskot.

Korleis søkjer du og krav til søknaden:

  • Frå og med 2020 sender du inn søknaden digitalt med innlogging via ID-porten/www.altinn.no
  • Tiltaket du søkjer på skal merkast av på kart som skal ligge ved søknaden. Bruk gjerne gardskart (https://gardskart.nibio.no/search).
  • Mangelfulle søknader kan kommunen avvise. Spør dersom du er i tvil om kva du skal søkje på.
  • Det er viktig at tiltaket vert dokumentert med foto før og etter. Ved delutbetaling skal det også leggast ved foto som viser framdrifta av tiltaket.
  • Arbeidsfrist er normalt hausten 2021.

Søknadsfrist er 1.mai 2020

Retningsliner for tilskot i UKL Hjartdal og Svartdal 2020.

 

Jord- og skogbruk

Under arbeid