Oppmålingsforretning
-
Generelt om tjenesten
Målgruppe
- Registrerte eigedomseigarar (personar som har grunnboksheimel som eigar til ein eigedom)
- Registrerte festarar av grunneigedom eller festegrunn
- Personar som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste
Kriterium/vilkår
Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal
- opprette ny matrikkeleining
- opprette del av grunneigedom eller jordsameige som eigen festegrunn for bortfeste for meir enn ti år
- opprette varig eksklusiv bruksrett til ubygt uteareal for ein eigarseksjon (t.d. hageareal eller parkeringsplass)
- registrere eksisterande umatrikulert matrikkeleining (umatrikulert grunneigedom eller festegrunn)
- overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved arealoverføring eller grensejustering
- klarleggje eksisterande grense
- setje ned grensemerke som er blitt borte
Oppmålingsforretning må vere utført før det kan opprettast grunnboksblad for nye matrikkeleiningar.
Pris for tenesta
Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet. Dersom kommunen går over fristen for behandling av saka, skal gebyret avkortast med ein tredel. Går fristen lenger enn ytterlegare to månader, skal gebyret avkortast med ytterlegare ein tredel.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Sjåmatrikkellova Kapittel 7 Oppmålingsforretningmatrikkelforskriften Kapittel 7 Rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretningplan- og bygningsloven § 20-1
Lover
Forvaltningsloven
Matrikkellova
Plan- og bygningsloven
Forskrifter
Matrikkelforskriften -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna
- kva som blir rekvirert (klarlegging av eksisterande grense, grensejustering, arealoverføring osb.)
- kva for bokstav i matrikkellova § 9 som ligg til grunn for rekvisisjonen og dokumentasjon for dette
- eigar- og festetilhøve
- grenser og naboeigedommar vist på kart
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravt forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.
Saksbehandlingstid
Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa som hovudregel innan 16 veker.
Klagemulighet
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 19:45