Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktige meldingar om Koronaviruset:

Vi samlar all informasjon om situasjonen i Seljord kommmune, status, meldingar og lenkar til offentleg informasjon på ei eiga faktaside. Klikk her

Noko informasjon vert i tillegg lagt ut som nyheiter, sjå under "Aktuelt" på framsida. Du finn oversikt over alle nyheitene her - OBS! Sjekk dato for publisering, ting endrar seg fort.
Vi brukar og Facebooksida vår til å dele nyheiter, så gå inn og fylgj sida, så får du opp mykje nyttig informasjon der. 

Les mer

Økonomisk sosialhjelp

  • Generelt om tjenesten

    Kriterium/vilkår

    Vi vil vurdere dei faktiske behova du har. Økonomisk sosialhjelp er ein rett som i utgangspunktet blir gjeve utan vilkår, men alle under 30 år må gjennomføre visse aktivitetar som er avtalte med kommunen. Du kan òg bli beden om å dokumentere kva andre utvegar du har prøvd:

    • Om du har søkt om bustønad
    • Om du har brukt rettane dine til eventuelle trygdeordningar
    • Om du har kontakt med Nav og tek imot tilbod om arbeid eller kurs

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Kvalifiseringsprogrammet
    Hjelpetilbud i kommunen
    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Nav-kontoret skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Nav før klagefristen for vedtaket går ut.

    Saksbehandlingstid

    Søknader blir behandla så raskt som mogleg. Men det kan hende at behandlinga blir forseinka dersom du ikkje kan dokumentere den situasjonen du skildrar i søknaden. Da må saksbehandlaren eventuelt kontakte deg for å be om fleire opplysningar. 

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-09-01 20:46