Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Grunnskuleopplæring for vaksne

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt. Det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med born og unge.

    Pris for tenesta

    Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt opplæringslova § 4A-1 Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

    Lover

    Opplæringslova

    ___
  • Skjema

    Søknaden sendes til

     

     

  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

    Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggje tilbodet. Dette inneber at du må akseptere at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet blir etablert.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker fra du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og hvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Undervisningssektoren
    Telefon:35065105
    Epost:even.f.svendsen@seljord.kommune.no
    Postadresse:3840 SELJORD
    Besøksadresse:3840 SELJORD

    Kontaktpersoner

    Navn:Ronde Schade
    Tittel:Avdelingsleiar
    Mobil:41328929
    Epost:ronde.schade@seljord.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2022-07-01 11:11