Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Elevar - det psykososiale arbeidsmiljøet

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Vert eit barn utsett for mobbing, vald, diskriminering eller trakassering har barnet rett til umiddelbar mottiltak frå sida til skulen. Alle tilsette ved skulen har plikt til å følgje med, undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn så snart som mogleg. 
     
    Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevar og føresette har rett til å høyrast, å informerast og til å delta i planlegging og gjennomføring av eit godt og trygt skulemiljø.
     
    Ved tiltak mot mobbing skal skulen lage ein skriftleg plan og skal dokumentere kva som vert gjort for å oppfylle aktivitetsplikta til skulen.

    Målgruppe

    • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
    • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelpordningar
    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt opplæringslova kapittel 9A og privatskolelova § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø.

    Lover

    Opplæringslova
    Privatskolelova

    Forskrifter

    Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger

    Retningslinjer

    Skolemiljø (Udir-3-2017)

    Tvungent skolebytte (Udir)

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Som elev eller føresett kan du melde inn saker om mobbing, vald, diskriminering eller trakassering til rektor. 
     
    Statsforvaltaren kontrollerer at skulen overheld pliktene sine. Og dersom det er gått meir enn ei veke sidan du tok kontakt med rektor, kan du i tillegg kontakte statsforvaltaren direkte. Dette kan du gjere munnleg eller skriftleg, på papir eller elektronisk. Men det er eit krav at du oppgjer namnet din og skulen for at statsforvaltaren skal behandle saka.

    Skjema

    Sjå nettsidene til Seljord kommune: Inkluderande barnehage- og skulemiljø

  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Skulen har plikt til å undersøkje saka snarast mogeleg.

    Klagemulighet

    Elever og føresette kan melde saka til statsforvaltaren dersom det er gått meir enn ei veke sidan saka blei melde til rektor.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Undervisningssektoren
    Telefon:35065105
    Epost:even.f.svendsen@seljord.kommune.no
    Postadresse:3840 SELJORD
    Besøksadresse:3840 SELJORD

    Kontaktpersoner

    Navn:Ingunn Haugland
    Tittel:Einingsleiar
    Telefon:35051321
    Epost:ingunn.haugland@seljord.kommune.no
    Navn:Pia Groven-Robertsen
    Tittel:Einingsleiar
    Telefon:35051360
    Epost:pia.robertsen@seljord.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2022-07-01 11:07