Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bustad - oppføring av ny bustad

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført. Alle handverkarane (firmaa) må ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde.

    I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).  For å vere sjølvbyggjar må du godtgjere at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv (Sjå Sjølvbyggjar).

    Målgruppe

    Tomteeigarar

    Kriterium/vilkår

    For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, vere godkjend av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylde:

    • Nabovarsling må vere gjort
    • Bustaden må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
    • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

    Pris for tenesta


     

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt i plan- og bygningslova § 20-1, kap. 21 og kap. 29.
     

    Lover

    Forvaltningsloven
    Plan- og bygningsloven

    Forskrifter

    Byggesaksforskriften (SAK 10)

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du må ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil vere ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som eit bindeledd mellom deg som tiltakshavar (byggherre), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe med å gjennomføre tiltaket.

    Skjema


     

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har hatt merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket.

    Saksbehandlingstid

    Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen blir overskriden.

    Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og fråsegner frå anna myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, så framt det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

    Kommunen kan forlenge desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir lengre, så skal søkjaren få melding om det så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halden.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Du veljer sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klagen for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-08-29 20:30