Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Brannvern og tilsyn

Feiing og tilsyn - tiltak pga. korona: For å redusere og begrense smittefaren og risikoen for spreiing av korona-viruset utset VTBV alle tilsyn på fyringsanlegg. For fritidsbustadar vil det heller ikkje bli varsla eller utført feiing.
Vi utført feiing av bustadhus, varsel blir sendt på SMS.
Det vil berre bli utført utvendig feiing av røykløpet, dvs. frå tak (ikkje loftsfeiing). Feiarane skal ikkje gå inn i hus,og kan såleis ikkje fjerne sot eller feie ovnsrør. Etter feiing må eigar sjølv syte for å fjerne sotet frå sotluka.
Dersom eigar/bebuarar som er i karantene, eller mistenkjer at dei har korona-smitte, får varsel om feiing, må feiaren varslas og besøket avlyses.
Vi vurdere situasjonen fortløpande og gjer tilpasningar som er i tråd med råd frå styresmaktene og eigne risikovurderingar.

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Den som eig eit byggverk skal sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller annan ulukke. I tillegg til eigaren har òg brukarane plikt til å sørgje for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksinnretningar i forsvarleg stand. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalla særskilte brannobjekt. Dette er byggverk der brann kan føre til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar. Det blir òg stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt. Tilsynsfrekvensen er:

    • bygningar og område der brann kan føre til tap av mange liv – minst éin gong kvart år
    • bygningar, anlegg og liknande som representerer ein særleg brannfare eller der brann kan føre til store samfunnsmessige konsekvensar – minst éin gong kvart år
    • viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg – minst éin gong kvart fjerde år

    Kommunen seier oftast ifrå om tilsynet på førehand, men kan òg gjennomføre tilsynet utan førehandsvarsel. Brannvesenet vurderer da alle forhold som har noko å seie for branntryggleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom ein meiner at tiltaka ikkje er tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmiddel.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Det finst rettleiingsmateriale om korleis krava til branntrygging skal gjennomførast. Sjå lenkja under.

    Systematisk sikkerhetsarbeid for bygningseiere

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter
    Dette er ei lovpålagd plikt for eigarar av verksemder. Sjå spesielt:
     
    Brann- og eksplosjonsvernlova § 19 og kapittel 7.

    Lover

    Brann- og eksplosjonsvernloven
    Forvaltningsloven

    Forskrifter

    Forskrift om brannforebygging

    Retningslinjer

    Veiledning for myndighetsutøvelse av tilsyn utført av brann- og feiervesenet

    Veiledning til forskrift om brannforebygging

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Kommunen utarbeider ein rapport etter at tilsynet er utført. Rapporten nemner kva for avvik frå krava til brannsikring som er funne, og kva slags nye sikringstiltak det er behov for. Rapporten sendast med ein gong til eigaren eller verksemda/brukaren, som skal gje ei tilbakemelding innan ein oppgjeven frist. Tilbakemeldinga skal gje svar på når og korleis avvika vil bli retta opp.

    Blir det ikkje gjeve tilfredsstillande tilbakemelding på tilsynsrapporten innan fristen, skal kommunen gje dei pålegga som er nødvendige. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova om varsling med meir skal følgjast.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtak om pålegg, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klageinstansen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er klageinstans for vedtak som er gjort av kommunestyret. For alle andre vedtak som er gjort av kommunen, er kommunestyret eller klagenemnda i kommunen klageinstans.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-08-29 20:28