Flyktningetenesta
Hovudansvar for introduksjonsprogrammet:
Flyktningetenesta har ansvaret for introduksjonsprogrammet, eit kommunalt tilbod regulert av introduksjonslova. Eit vilkår for å ha rett til introduksjonsprogram, er behovet for grunnleggande kvalifisering. Kommunen vurderer om personen er i målgruppa for ordninga og fattar eit vedtak om tildeling av program (eller avslag).
Deltakaren får introduksjonsstønad medan dei er i programmet (2G).
Programmet varer som regel i to år, eventuelt kortare dersom personen ikkje lengre har behov for å delta i programmet. Programtida kan og bli forlenga inntil tre år ved behov.
Deltakaren skal stort sett fylgje dei same reglane om fråvær som i arbeidslivet elles. Ugyldig fråvær gir trekk i introduksjonsstønad.
Hovuddelen av programmet skal bestå av opplæring i norsk og samfunnskunnskap og arbeids- eller utdanningsretta tiltak.
Opplæring og tiltak går fram av ein individuell plan som blir utarbeidd i fellesskap med og tilpassa den enkelte deltakar.
Kommunen ved flyktningetenesta eller programrådgjevar, NAV og vaksenopplæringa har forpliktande ansvar for introduksjonsprogram.
Tilsette:
- Per Atle Einan, flyktningekonsulent
- Nataliia Valeriivna Homleid-Loskutova, flyktningekonsulent
- Linda Hovden, miljøterapeut med ansvar for helse og skule/bhg.
- Wenche Jønholt, miljøarbeidar
- Ingunn Ralle, miljøarbeidar EMF
- Amir Mozalem Atashgahi, miljøarbeidar EMF
Vaksenopplæringa
Vaksenopplæringa i Seljord kommune
Vaksenopplæringa underviser vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap. Vaksenopplæringa følgjer skuleruta for grunnskulen i Seljord.
Undervisninga er på Telebygget, ved sida av Banken.
Målsettinga med opplæringa i norskkurset er at kursdeltakaren skal kunne nå eit nivå i norsk som gjer han/ho auka moglegheiter til å bruke den kompetansen dei har med seg, både i utdanning, arbeid og i samfunnslivet generelt.
Vaksenopplæringa i Seljord er godkjend prøvestad og arrangerer nasjonale prøver i norsk, prøve i samfunnskunnskap og statsborgarprøva.
Les meir om prøvene her.
- Personar mellom 16 og 67 år som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap dersom dei har fått opphald:
NB. Personer med rett til opphald etter EØS-regelverket er ikkje omfatta av introduksjonsloven. Dei har ikkje rett eller plikt til opplæring etter introduksjonsloven. Det er likevel krav til kunnskapar i norsk og samfunnskunnskap for å få norsk statsborgarskap. - Personar med plikt til opplæring (men ikkje rett):
Arbeidsinnvandrarar mellom 16 og 67 år som er frå land utanfor EØS-/EFTA-regelverket og familiesameinte til desse, har plikt, men ikkje rett til opplæring.
Tilsette:
- Martha Raamunddal, lærar med adm.ansvar for VO
- Wenche Heldal, lærar med adm.ansvar for VO
- Anne Karine Skipar, lærar
- Rannveig Reinboth, lærar
- Hilde Berntsen, lærar
- Oddvar Hægeland
- Inger Helen Horgen
Ekstraordinær busetting av flyktningar
Ekstraordinær busetting av flyktningar 2022-23
Seljord kommune har fram til og med september 2023 busett om lag 90 flyktningar. Kommunen jobbar fortløpande med å finne fleire eigna bustader, samt koordinere tenestene våre for å ta i mot flyktningar når dei kjem. IMDi har oppmoda kommunen om å busette 45 flyktningar i 2023, men kommunestyret har vedtatt at vi skal busette 40 flyktningar. Alle dei busette i 2023 er så langt frå Ukraina.
Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar.
Seljord kommune har eit godt samarbeid med lokale lag og foreiningar.
Kan du tenkje deg å vere frivillig og hjelpe til med praktiske oppgåver knytt til busetting av flyktningar? Ta kontakt med Frivilligsentralen ved Rikke Christine Roseng.
Besøksven.
Røde Kors ynskjer at fleire kan vere besøksven for dei nye flyktningefamiliane. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Røde Kors ved Karianne Firingen Skori.
Vil du støtte arbeidet til Røde Kors Seljord? Vipps til 740 317 «Seljord Røde Kors - Ukraina».
Meir informasjon om korleis du kan hjelpe flyktningane?
Korleis jobbar kommunen med den ekstraordinære busettinga?
- Kommunal arbeidsgruppe. Ei kommunal arbeidsgruppe jobbar med å kartlegge konsekvensar og behov ved busettinga. Med i gruppa er representantar frå skule, barnehage, NAV, tekniske tenester og helse. Gruppa kjem med innspel til rådmannen og politisk nivå. Gruppa skal arbeide for å koordinere dei kommunale tenestene best mogleg.
- Flyktningar frå alle land. Det er IMDi som bestemmer kva for flyktningar vi får til Seljord. Vi reknar med at det i hovudsak vil vere flyktningar frå Ukraina som blir busett, men trur og ynskjer at det også kjem flyktningar frå andre land til oss. Vi ynskjer at alle saman skal få oppleve Seljord på beste moglege vis – som det gode vertskap!
- Kvalifisering og arbeid. Mange av flyktningane som kjem til Seljord har utdanning og yrkeserfaring, samt stor arbeidslyst. Ta kontakt om du/din bedrift har ledige stillingar eller behov for arbeidskraft. Seljord kommune samarbeider med NAV Vest-Telemark.
Hugs at dersom du har spørsmål om busettinga kan du kontakte oss:
- Spørsmål om busettinga. Avdelingsleiar avdeling for integrering og vaksenopplæring, Ronde Ingeberg Schade, ronde.schade@seljord.kommune.no , mobil 41 32 89 29.
Frivilligsentralen: Leiar Rikke Christine Roseng, post@seljordfrivillig.no, mobil 41 47 82 00.
Seljord Røde Kors: Leiar Trond Johnsen, 95 94 53 76
Seljord Røde Kors: Karianne Firingen Skori, mobil 41 84 66 01, karianne-85@hotmail.com