Flyktningetenesta
Informasjon om flyktningetenesta i Seljord kommune
Flyktningtenesta legg til rette for at flyktningar som kjem til Seljord kan skape seg eit likeverdig liv. Vi administrerer kommunen sitt introduksjonsprogram, og har ein finger med i alt som er naudsynt for at ein flyktning kan organisere livet sitt ut frå tilnærma like premissar som ein infødd nordmann.
Flyktningetenesta er ein koordinator mellom ulike instansar og flyktningen.
Tenesta driv med rettleiing og rådgjeving til flyktningar og alle som har med flyktningar å gjere.