Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bibliotek

Seljord bibliotek, Nyveg 16, 3840 Seljord. Tlf. 35 06 51 56, e-postFacebook

OBS! For arrangement og tilstellingar - sjå bibliotekets facebookside.

Ordinære opningstider: Måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00-19.00, onsdag og fredag kl. 09-15.
Meirope bibliotek: Måndag, tysdag og tordag kl. 19.00-22.00, onsdag kl. 15.00-22.00

OBS! Endra opningstider i skuleferiar.

Meirope bibliotek betyr tilgang i ordinær opningstida på Granvin, men utanom bibliotekets bemanna opningstid. Du må vere over 18 år og ha avtale om innlogging, det får du på biblioteket!  Avtale om tilgang meirope bibliotek

Vest Telemarkbiblioteka

Vest Telemarkbiblioteka samarbeider. Vi har mellom anna felles bokbase og nettside med arrangementskalender og andre tenester. Sida er under utarbeiding.

Søk i samlingane i heile Vest Telemark og logg deg inn på Mine sider her

 

Stoppestad Seljord 13. mars

Måndag 13. mars får vi besøk av den kjende tekstilkunstnaren Kari Steihaug på Seljord bibliotek. 

Programmet for kvelden ser slik ut:

  • kl. 18: foredrag med Kari Steihaug om hennar kunstnarskap. Gratis og ope for alle.
  • kl. 19: stoppeverkstad med Kari Steihaug - ta med eit plagg med hol i eller kom for å lytte, sjå og lære. Påmelding til lbmbirds@gmail.com. Eigenandel 100 kr.

Arrangementet skjer i samarbeid med Seljord og Kviteseid Husflidslag og Seljord kunstforening.

Stoppeverkstad

Opningstider i jula 2022

Seljord bibliotek held stengt fredag 23.12.

Vi har ope tysdag 27.12 frå kl. 10 - 14. Då blir det lesestund for dei minste kl. 12. Velkommen!

Vi ynskjer alle våre bibliotekvener ei riktig god jul og eit godt nytt år! Velkommen att i 2023! 

Juletrepynt

Adventskalender på biblioteket

Kvar kvardagsettermiddag kl 14 frå og med 1. desember og fram til juleferien vil vi opne Galtvorts magiske julekalender og lese høgt eit kapittel frå "Harry Potter og de vises stein". Alle barn som har lyst og får lov er hjerteleg velkomne til å delta.

Galtvorts magiske julekalender

Biblioteket er ope tysdag og torsdag i haustferien

Vi minnar om at biblioteket held ope tysdag og torsdag i haustferien (veke 41) frå kl. 12 - 19.

Vi ynskjer alle ein riktig god haustferie!

Velkommen innom for å finne litt lesestoff til ferien, eller berre for å ta ein titt!

Seljordsvatnet sein haust

Amal Aden - "Hyllest til kjærligheten"

Amal Aden kjem til Seljord bibliotek tysdag 4.10 kl. 19.

Den kjende samfunnsdebattanten og forkjemparen for fri kjærleik og LHBTIQ-personar, Zola-prisvinnar og forfattar, Amal Aden, kjem til Seljord bibliotek med foredraget "Hyllest til kjærligheten".
 
Arrangementet kjem i stand med støtte frå Kulturrådet og Skeivt kulturår 2022.
Seljord bygdepride og Seljord bibliotek samarbeider om denne kvelden.
Velkommen til Seljord bibliotek tysdag 4.10 kl. 19!
Amal Aden

Biblioteket er stengt på dyrskufredagen, 9.9.22

Vi minnar om at Seljord bibliotek er stengt på fredagen i Dyrsku'n, altså 9.9.22. Biblioteket har vanlege opningstider att veka etter Dyrsku'n.

Vi ynskjer alle ein god Dyrsku. 

Barn og dyr på Dyrsku

Lytt til lyrikken med Svanhild og Tuva

Tysdag 6. september klokka 19 kjem "Lytt til lyrikken" til Seljord bibliotek med den lokale lyrikaren, Svanhild Amdal Telnes, og musikar Tuva Syvertsen, kjend frå Valkyrien Allstars. Arrangementet er eit samarbeid med Nynorsk kultursentrum.

Svanhild Amdal Telnes

Vanlege opningstider på biblioteket

No er skuleferien slutt og Seljord bibliotek går fom. onsdag 17.8.2022 tilbake til normale opningstider.

 

Bøker