Om turneen skriv Nynorsk kultursentrum: Dette er den tredje turneen til «Lytt til lyrikken» som er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og lokale bibliotek og arrangørar over heile landet. «Lytt til lyrikken» gir publikum unike møter med kreative og interessante tekstformidlarar.

Tuva Syvertsen mest kjent som felespelar, vokalist og frontfigur i Valkyrien Allstars. Dei siste åra har hun nådd eit breitt publikum, mellom anna gjennom TV-program som Stjernekamp og Hver gang vi møtes. Ho er og kjent som teatermusikar og som ein av landets kulaste undergrunnsrapparar. Ho har blitt omtala som ein nyskapande, grensesprengjande og samtidsorientert kunstnar og har motteke ei rekkje prisar, som mellom anna Spellemannprisen og Prøysenprisen. 

I 2018 debuterte Svanhild Amdal Telnes med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar, som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I grunngjevinga stod det at debuten var «ei sterk bok å gå inn i og vende tilbake til». No er ho aktuell med diktsamlinga Å jage ein hjort i døden. Amdal Telnes, som både er forfattar og psykolog, var i 2021 eitt av ti unge «Nynorsktalent. Kåringa var eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som sat i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og artisten Daniel Kvammen.

Velkommen til ein spennande kveld på Seljord bibliotek! Gratis inngang.