Basert på overordna mål og nasjonale føringar har Renovest vald å endre tømefrekvensen på restavfall og papp/papir til tredje kvar veke. Vi utvidar henteordninga med ein fraksjon glas-/ metallemballasje, og erstattar den gule plastsekken for innsamling av emballasjeplast med dunk. Har du ekstra mykje papp/papir, kan dette leverast gratis på gjenvinningsstasjonane. Du kan og sette igjen pappemballasjen i forretninga når du kjøper noko. Kjeldesorterer du avfallet ditt godt, vil restavfallet gå ned, dette viser plukkanalyser som er utført.
Sjå skriv frå Renovest om Prinsipp for avfallskretsløpet - avfallsyramiden