I samband med valet skal det og veljast nytt eldreråd og nytt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunestyremøtet i november. 

Organisasjonar som representerer eldre kan kome med forslag til medlemmar til nytt eldreråd. Og organisasjonar som representerer menneske med nedsett funksjonsevne kan kome med innspel til nytt råd for menneske med nedsett funksjonsevne. 

Har din organisasjon forslag til medlemmar, send dette til post@seljord.kommune.no innan 16. oktober 2023.

Før ein organisasjon foreslår ein kandidat, bør dei ha gjeve vedkommande tilstrekkeleg informasjon om kva vervet som rådsmedlem vil innebere og forsikra seg om at vedkommande er motivert for oppgåva. Organisasjonen bør grunngje sine forslag til kandidatar med f.eks kandidatens interessefelt og kompetanse.

Meir om eldreråd kan du lese her: https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/kommunalrett-og-kommunal-inndeling/veileder-for-eldrerad/id2666683/

Meir om råd for menneske med nedsett funksjonsevne kan du lese her: https://www.bufdir.no/fagstotte/produkter/radene_for_personar_med_funksjonsnedsetting_rettleiar/