Viktig melding om korona og val: 
Dersom du er i karantene skal du stemme utanfor vallokalet. Køyr til hovudinngangen for å signalisere til ein valmedarbeidar at du vil røyste. Er du i isolasjon, skal du ikkje møte opp ved vallokalet. Då kjem valmedarbeidarar heim til deg for å ta imot røysta di. Ta kontakt med kommunen  tlf 35065100.

Frå 1. juli kan du røyste over heile landet dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen. I perioden 1. juli til 3. september kan du også røyste frå utlandet. 

Legitimasjon:
Du må ta med legitimasjon når du skal stemme, både ved førehandsstemming og på valdagen.
Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato.
Legitimasjon kan vere t.d. pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan og bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilete. Les meir om legitimasjon: Hugs legitimasjon

Valkort:
Valkortet for stortingsvalet 21 blir sendt ut digitalt, og kan difor brukast direkte på mobiltelefonen. Personar som har reservert seg seg mot digital post frå det offentlege vil framleis få valkortet på papir. Pressemelding om digitalt valkort. Les meir om valkort: No kjem valkortet ditt

OBS! Valkort i Flatdal:  Det står feil gateadresse på Flatdal Samfunnshus (krets- 0005) på valkortet, rett adresse er Flatdalsvegen 787Sjå illustrasjon for nærare forklaring.

Lokal informasjon: