Informasjon om ekstraordinær busetting av flyktningar i Seljord

Torsdag 31.3.2022 fatta formannskapet vedtak at Seljord kan busette inntil 70 flyktningar i 2022, men vi har fortsatt ikkje mottatt melding frå IMDi om når nye flyktningar kjem til kommunen vår.

Vi er klare til å busette 25 flyktningar i sentrumsnære bustader. Det kan bli aktuelt å ta i bruk bustader i heile kommunen etter kvart som det kjem fleire flyktningar. Kommunen inngår avtale med aktuelle utleigarar og framleiger så bustaden til flyktningane.

Det er oppretta ei kommunal arbeidsgruppe med representantar frå flyktningetenesta, barnehage, skule, helse, nav, samfunn og drift. Vi har møte kvar veke. Det blir lagt ut oppdatert informasjon om busettingsarbeidet i etterkant av neste møte 19.4.22. Vi har avtale med frivillige som kan vere språkhjelp for flyktningar frå Ukraina. Det er utvikla ein digital app til hjelp for nye flyktningar som kjem. Den er klar til bruk etter påskeferien.

Prosessen med å ta imot flyktningar frå Ukraina og busette dei i Seljord kommune fylgjer same prosedyre som ved busetting av flyktningar frå andre land. Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som ber kommunane om å busette Flyktningar. 

Busetting av flyktningar - flytskjema som viser ulike måtar flykningar kan busettast på. (IMDI)

Melding 29.4.22: Vi avsluttar innsamlinga av klede og utstyr til flyktningar frå Ukraina.
No har vi fått inn så mykje klede og andre ting at vi ikkje kan ta i mot meir på Frivilligsentralen.
Vi kjem tilbake med meir spesifikke ynskje om kva vi treng når fleire av flyktningane frå Ukraina er på plass.

 

Melding 16.5.22: Oppdatering

Seljord kommune ventar framleis på nye ukrainske flyktningar. Det har tatt lang tid frå dei fyrste flyktningane kom til nasjonale mottak og til dei får busetting ute i kommune. Dette er ei problemstilling vi er lite nøgde med, men håpar framleis at busettingsnivået vil auke i løpet av sommaren og hausten. 
Vi har inngått avtale om leige av fleire sentrumsnære bustader. Etter sommaren vil ein også vurdere leige av bustader utanfor sentrum dersom vi har behov. 
Kommunen vil i løpet av kort tid tilsette 100% stilling som lærar ved Seljord barne- og ungdomsskule og 100% stilling som miljøterapeut i helse. Ved flyktningetenesta er det allereie tilsett 2x40% mellombels stilling (miljøarbeidar og språkhjelp). 
Seljord kommune samarbeider med frivilligsentralen og Seljord idrettslag om å søkje midlar til ekstra tiltak knytt til inkludering og integrering av ukrainske flyktningar.   
Det blir lagt ut ny, oppdatert informasjon om busettingsarbeidet etter neste møte i den kommunale arbeidsgruppa 30.5.22. 

Ronde Ingeberg Schade, leiar av kommunal arbeidsgruppe busetting 2022. 

 

Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar.

Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar.
Innsamling. I løpet av kort tid vil vi opne for innsamling av klede, leiker og anna utstyr. Frivilligsentralen og Røde Kors vil ha ansvar for innsamlinga.  

Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Frivilligsentralen ved Anne Marie Smeland.

Frivilligsentralen, sosial møtestad.
Kafeen til frivilligsentralen vil vere møteplass for flyktningane som kjem. Der kan dei møtast for å støtte og hjelpe kvarandre. Vi ynskjer også å servere mat av og til til dei som kjem. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Frivilligsentralen ved Anne Marie Smeland.

Besøksven.
Røde Kors ynskjer at fleire kan vere besøksven for dei nye flyktningefamiliane. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Røde Kors ved Karianne Firingen Skori.

Vil du støtte arbeidet til Røde Kors Seljord? Vipps til 740 317 «Seljord Røde Kors - Ukraina».

Meir informasjon om korleis du kan hjelpe flyktningane? 

Korleis kommunen førebur seg

Korleis førebur kommunen seg?

  • Kommunal arbeidsgruppe.
    Ei kommunal arbeidsgruppe jobbar med å kartlegge konsekvensar og behov ved busetting av 70 flyktningar. Med i gruppa er representantar frå skule, barnehage, NAV, tekniske tenester og helse. Gruppa kjem med innspel til rådmannen og politisk nivå. Gruppa skal arbeide for å koordinere dei kommunale tenestene best mogleg og har møte kvar måndag. 
  • Flyktningar frå alle land.
    Det er IMDi som bestemmer kva for flyktningar vi får til Seljord. Vi reknar med at det i hovudsak vil vere flyktningar frå Ukraina, men trur også at det kjem flyktningar frå andre land i 2022. Vi ynskjer at alle saman skal få oppleve Seljord på beste moglege vis – som det gode vertskap!
  • Ukraina-app.
    Seljord kommune jobbar for å få på plass ein app der dei nye som kjem til bygda får enkel informasjon raskt. Denne er forventa klar i løpet av dei neste vekene.
  • Kvalifisering og arbeid
    Det er forventa at fleire av flyktningane som kjem til Seljord har utdanning og yrkeserfaring. Ta kontakt om du/din bedrift har ledige stilling eller behov for arbeidskraft.  Seljord kommune samarbeider med NAV Vest-Telemark.