TV-aksjonen gjekk av stablene sundag 22. oktober. Føremålet i år ved Redd barna. 

Mange frivillige gjekk med innsamlingsbøsser rundt om i rodane i heile kommunen. Tusen takk til alle som stilde opp for aksjonen og til alle som gav! 

VTB fortel at Seljord auka summen frå bøsseberarane frå eit nivå på kring 90 000 kroner dei siste åra, til kring 123 000 kroner i år. Det hadde måndag morgon blitt samla inn 72,76 kroner per seljording – til saman 213 837 kroner. Seljord kommunestyre gav 31 000 kr til aksjonen. 

NRK melder om ny innsamlingsrekord, pt. 237,3 millionar kroner.